Tjuvfiske hos Alsaker

Nyheter
591

Vitne fortel til Grannar at det var to båtar i aksjon. Dei la seg like inntil merden og fiska oppi. Etter ei stund forsvann båtane i retning Skånevik, med ein skokk måkar etter seg, noko som tyder på fangst i båten.

Fiske i og rundt oppdrettsanlegg er forbode. Fiskeforbodet gjeld i ein radius på hundre meter frå anlegget. I tillegg er det ikkje tillate å ferdast i båt nærare merden enn 20 meter.

Saka er førebels ikkje meldt til politiet.