Tidsseriane frå Guddalselva opnar for ny forsking

Nyheter
536

Laksesmolten er no på full fart ut i Hardangerfjorden, og på feltstasjonen kontrollerer dei siste rest av dei utvandrande oppdrettslaksane og villaksane, melder Havforskningsinstituttet.

Hybridar med god overleving

– Det er snakk om til saman 150 familiar av oppdrettslaks og villaks som vert testa for overleving, vekst og menyval i eit naturleg miljø, fortel Øystein Skaala. Han er forskar på Havforskingsinstituttet, og ansvarleg for feltarbeidet i Guddalselva.

Dei 15 åra stasjonen har vore i drift, har resultert i ein unik tidsserie på produksjonskapasiteten på smolt i elva. Forskarane har også lært mykje om fiskeproduksjonen i vassdrag generelt, om overlevingsevna til avkom av rømt oppdrettslaks og villaks og om menyval og vekstevne i ferskvassfasen.

– Dette er grunnleggjande kunnskap som er viktig for å kunna vurdera miljøeffektar av rømt oppdrettslaks. Til dømes veit vi no at avkomet til rømlingane i snitt har lågare overleving enn villfisken, samstundes som somme familiar kan ha svært høg overleving. Dei såkalla hybridane med mor som er oppdrettslaks og far som er villaks, har relativt god overleving, seier Øystein Skaala.

Kor godt navigerer rømlingavkom?

Avkom av rømlingar konkurrerer med villfisken om næringsressursane, noko som kan bidra til redusert produksjon av villaks.

– Det viser seg å vera mange faktorar, som storleiken på egga, tettleiken av fisk i habitatet og familiebakgrunn, som påverkar overlevingsevna til oppdrettslaksen. Difor vil overlevinga til avkomet av rømlingar variera mykje i tid og rom, fortel Øystein Skaala.

Men det er framleis spørsmål som forskarane ikkje har funne svar på.

– Vi veit lite om kva evne avkomet av rømlingar har til å finna tilbake til vassdraget dei vart klekka i. Har dei like god evne som villaksen til å navigera seg heim att eller svimar dei rundt på måfå?

 

Ekstremflaum i Guddalselva

Ekstrem vassføring, som her i Guddalselva hausten 2014, vil bli vanlegare i åra som kjem. Korleis påverkar dette fiskeproduksjonen i vassdraga?

 

Effektane av ekstremflaumar

Storflaumen i Guddalselva og mange andre elvar på Vestlandet hausten 2014 utløyst spørsmål om korleis slike ekstreme hendingar påverkar produksjonen av villsmolt.

– Store delar av elvelaupet vart snudd opp ned, og det er naturleg å tenkja at dette må ha effektar på både samfunnet av botndyr og overlevinga hos gytefisk og ungfisk. Detaljkunnskapen vi har om produksjonen av laks og aure i Guddalselva over tid gjer oss i stand til å estimera effektane av ein slik ekstremflaum, seier Øystein Skaala.

Kvar einast sjøauresmolt får sitt eige individnummer og all tilbakevending blir registrert. Det har gjeve mykje kunnskap om sjøauren: korleis gytebestanden varierer over tid, kor lenge auren går i sjøen før han returnerer for å gyta og om prosentvis overleving gjennom sjøopphaldet.