Tidlegare BioFish-investor kjøper konkursramma oppdretter i Hardanger

Nyheter
0

Yme Fish har, saman med ei investorgruppe, kjøpt buet etter Trolltunga Arctic Trout i Tyssedal i Ullensvang kommune.

“Dette er gjennomført som ei verksemdsoverdraging, og alle tidlegare tilsette får tilbod om jobb hos oss,” skriv Yme Fish i ei melding.

Trolltunga Arctic Trout, tidlegare Hardanger Fjellfisk, har drive med oppdrett av aure inne i eit fjellanlegg i Tyssedal. Fisken har vorte marknadsførd og seld under merkevara «Hardanger Fjellaure».

Les også: Satset på fjelloppdrett i Hardanger. Nå er det slutt.

“Produktet «Hardanger Fjellaure» har fått særs god respons i marknaden og har hausta ros frå anerkjende matkritikarar og leiande restaurantar. Kvaliteten på produktet står såleis ikkje tilbake for noko eller nokon. Me ser soleis eit stort potensial for «Hardanger Fjellaure» innanfor lokalmatsegmentet, eit segment som er i sterk vekst,” skriv Yme Fish. 

Bak Yme Fish står investor Morten Harsvik, som tidlegare var engasjert i smoltprodusenten BioFish Holding i Tørvikbygd, lengre ute i Hardangerfjorden.

“Me investerer no monaleg i ei oppgradering av produksjonsanlegget, og me er også i gang med å utvide produktspekteret. «Hardanger Fjellaure» vil derfor vere tilgjengeleg i marknaden, ikkje berre lokalt, men over heile landet”.  

“Regionen Hardanger har dei seinare åra sett ei særs positiv utvikling innan reiseliv og turisme. Me ønskjer gjennom denne satsinga, saman med våre engasjerte tilsette og lokale krefter, å utvikle selskapet og merkevara «Hardanger Fjellaure», og såleis bidra til vidare utvikling og vekst i vakre Hardanger,” skriv Yme Fish.