Tidenes Laksens Dag

Nyheter
538

For fjerde strake året vart Laksens Dag arrangert som ein del av festivalhelga Himmel & Hav. Etter to år på Torget, vart arrangementet i fjor flytta til Strandgata, Florø si hovudgate. Dette har vore ein suksess. Ein reknar med at om lag 2.500 menneske var innom laksenæringa i fylket sin felles dugnad denne gongen.

Som vanleg var det Røde Kors som sto for grilling av laks, og fekk inntektene frå dette. Kokkenes Mesterlaug, Sogn og Fjordane, delte ut gratis smaksprøvar av laks i nye og spennande variantar, og born kunne grille sin sjølvkomponerte lakserett på ein eigen stand.

70 personar frå laksenæringa stilte opp og hjelpte til under arrangementet. Næringa hadde eigen stand der folk kunne få informasjon og stille spørsmål. 29 havbruksbedrifter var med og finansierte årets arrangement, som og er ein samarbeidspartner med arrangementa Sildebordet, Kinnaspelet og Florø Rockeklubb sin musikkfestival.

Og i samarbeid med Rockeklubben spelte det irske bandet The Young Folk og reggae orkesteret The Legends på scena i gata, noko som skapte ei flott ramme for arrangementet. Glede skapte og prisen Årets Gladlaks, som i år gjekk til Dalen Grendalag i Bremanger. Dugnadsgjengen der har i fleire år arrangert dansefestar og andre trivselstiltak for å finansiere gatelys i bygda. No får dei draghjelp av prisen på 10.000 kroner som fylkesordførar Åshild Kjeldsnes delte ut.