Testing av slimlaget kan redde laksen

Nyheter
1811

Dei fire største fiendane for god fiskehelse er sopp, virus, bakteriar og parasittar. Slim inneheld stoff som er anti parasittisk, anti bakterielt, anti viralt og anti sopp. Difor er eit intakt slimlag avgjerande for god fiskehelse og god fiskevelferd.

Slim vert produsert i slimcellene som ein finn i laksens hud, hjellar og tarm, og det spesielle for laksen og alle andre fiskeartar er at det ytre laget av huda består av levande celler. Dette i motsetning eksempelvis menneske som har døde celler i det yttarste hudlaget.

Nye storskala forsøk har gjeve Karin Pittman ved Universitetet i Bergen svært positive resultat i arbeidet for å finne ein effektiv metode som kan måle slimlaget på fisken. Foto: Quantidoc

Difor er eit intakt slimlag heilt avgjerande for fisken. I følgje forskar og oppfinnar Karin Pittman er det også stor forskjell på om laksen har fått eit risp, eller om slimlaget er tørka av eit større område på huda.

– Tørkar du slimet av har du mykje større dødelegheit enn dersom fisken berre har fått eit risp i skinnet eller huda. Eit godt slimlag er ekstremt viktig for fiskehelsa, seier Pittman til iLaks.

Hud/skinn, hjellar og tarm er fiskens barrierar mot ytre miljø, dårleg diett og patogena. Dess sterkare ein klarer å gjere desse barrierane, dess betre helse og velferd har fisken. Sterke barrierar kan byggast med god diett, avl og godt miljø.

Ny målemetode kan vere avgjerande
Dei fleste som jobba med oppdrett veit at ingrediensane i fôret kan påverke slimlaget til fisken. Funksjonelt fôr kan gi godt slimlag, men tidlegare har det ikkje vore så lett å måle slimlaget. Ein har mellom anna brukt det som vert kalla kredittkortmetode, som i praksis betyr at ein skraper vekk eit standard område på størrelse med eit kredittkort. Men dette har ifølgje Pittman gjeve usikre tal.

Hennar svar på spørsmål om ho kunne finne ein betre metode er Mucosal mapping som kan anvendast både på hud, hjelle og tarm.

Ved hjelp av den nye målemetoden kan fôrselskapa utvikle fôrtypar som er med å styrke slimlaget som beskytta fisken mot ytre påverking. Eksempelvis så kan metoden gjere det lettare å sjå når tarmen blir irritert. Alternativt kan ein nytte ny teknologi for å tilsetje velprøvde fôr-additiver på merdkanten som styrker slimlaget på fisken.

Lite forsking
Ifylgje Pittman har det vore lite forsking på fiskens slimlag, og kva det betyr for fiskehelsa. Men temaet er aktualisert, mellom anna fordi ulike hyppige avlusingar har stor innverknad på fiskehelsa, og her er det avgjerande at fisken har eit sterkt slimlag. Ho vise mellom anna til at dei har målt respons på bruk av hydrogenperoksid og funne ut at det tørkar ut og skader både hjellar og svelg på fisken.

– Det vi ønskje er å bidra til grunnlaget for reelt berekraftig oppdrett av fisk, og med sterke barriere, kan fisken sjølv bidra til god helse, seier Pittman til iLaks.

Storskala forsøk
Pittman si forsking på den nye metoden for å måle fiskens slimlag vart først kjent i 2015, og no er det gjennomført storskala forsøk på laks, yellowtail, seabass og aure.

– For oss er det heilt utruleg kva vi kan sjå utav desse resultata. Dei viser mellom anna om fisken har korte hjellelokk, eller når den går på dårleg diett. Dei kan også sjå om resirkulert vatn inneheld noko som irritera huda til fisken.

– Vi er nesten litt småimponert over følsomheita til denne metoden, seier Pittman.

Dei jobbar no med utvikling av ein liten biopsyd og eit opplæringsprogram som gjer at oppdrettarar eller veterinærar kan ta prøvene sjølve og sende dei inn.

Reint kommersielt arbeidar Karin Pittman sitt selskap Quantidoc med å ta prøver for fôrselskap, produsentar av lusehandsamingsutstyr og oppdrettarar og utføre testar av fiskens slimlag i etterkant av avlusing. Dette er viktig for å sjekke korleis den tåle ulike typar handtering. Metoden er også med som ein del av to FoU-konsesjonar der effektiv overvaking av fiskehelse står sentralt.

Styreleiar Hans Runshaug i Quantidoc trur testing av slimlaget til oppdrettslaksen vil gi oppdrettsnæringa svært viktig informasjon om laksens helse og velferd. Foto: Kari Johanna Tveit

Samanliknar med PCR-testing
Hans Runshaug som tidlegare var arbeidande styreleiar i Ocea og direktør i oppdrettselskapet Sjøtroll jobbar som profesjonell styrearbeidar og rådgjevar for havbruksnæringa. Han er mellom anna styreleiar i analyseselskapet Quantidoc, og ser den nye målemetoden som eit viktig bidrag i arbeidet med å sikre god fiskehelse og god fiskevelferd.  Dette er spesielt viktig når laksen må gjennomgå mange lusebehandlingar.

– Med rett tilpassa fôring er det mogeleg å forbetre slimlagsproduksjon til fisken. På same måten som ein har gjort med PCR-testing for å finne ut om fisken er utsett for PD, vil det også vere mogeleg å gjennomføre testar som gjev informasjon om slimlaget til fisken, og om den vil tåle ei planlagt lusebehandling. Testing med jamne mellomrom kan gi viktig informasjon om helsa og velferda til fisken i merdane, seier Runshaug, og legg til at ein då kan gjere tiltak og betre val for handlingar.