Talentfabrikken Team Gla’laks sjøsett i Hardanger

Nyheter
1157

– Noreg og Hordaland er i verdstoppen både i laks og skiskyting, så her er det god match, seier ein optimistisk Bjørn Tore Årevik. Han er kretsleiar i Hordaland Skiskyttarkrets.

– Med eit budsjett på vel 700.000,- er målet at løparane på teamet skal konkurrera i norgestoppen og aspirera til representasjon internasjonalt og til landslag. Med eit spissa opplegg og mykje kompetanse i ryggen er dette ei realistisk målsetting, fortsett Årevik.

Hordaland har mot alle klimatiske forhold vorte ein svært sterk skiskyttarregion med seks sterke klubbmiljø i Hordaland, samt Vik i Sogn. Gjennom dei siste 20 åra har det utvikla seg ein prestasjonskultur som er unik. Vi huskar alle Odd Lirhus, Eirik Kvalfoss, Anne Elvebakk, Liv Grete Skjelbreid, Egil Gjelland og Ann Kristin Flatland og Fenne og Istad-familiane. Dei har alle gitt oss store opplevingar. Og vi kunne nemnt mange fleire, fremgår det av ei pressemelding.

– Denne kulturen skal vi ta vare på og utvikle vidare. Det er bakgrunnen for at vi har etablert eit nytt skiskyttarteam i Hordaland seier Årevik, som meiner at Team Gla’laks blir ein talentfabrikk.

I den eldste gruppa på temaet finn du mangedobbel Norgesmeister Martin Femsteinevik, som var på juniorlandslaget førre sesong, og som er første års senior. Med seg har han klubbkompis i Hålandsdal idrettslag Bjarte Solvang som vann kongepokal under NM senior i vinter. Andre sterke seniorar er Thomas Fenne frå Voss, Asbjørn Wold frå Vik og Bjarte Mørkve frå Myrkdalen. Fleire av desse var med å vinna sølv på NM stafetten i vinter. Gutane er i fleirtal, men det er også sterke jentenamn på laget med norgesmeistrane frå juniorklassane Une Kvelvane og Turid Salbu frå Voss.

På lanseringa var det klar melding frå løparane at den nye teamsatsinga er ein stor inspirasjon og betyr mykje for å få kvalitet på treningsarbeidet. Martin Femsteinevik sa det rett ut.

– Dei rolege øktene kan eg med fordel trena åleine i mitt eige tempo, men på hardøktene må det pushast hardt og då treng ein nokon å strekka seg etter.

For satsingsgruppa eldre junior og senior vert det eit tilrettelagt treningstilbod på Lillehammer der dei fleste bur og studerer. Kjartan Helland er engasjert som trenar og det etablert eit samarbeid med Team Norgesbakeriet. Samlingane vert lagt til Hordaland, så nær som dei siste samlingane før sesongstart der tilgang på snø har prioritet.

I opplegget ligg det også ei breiddesatsing inn mot yngre junior som til dagleg har eit tilbod på idrettsgymnasa. Desse får månadlege treningssamlingar. Til saman gjev det nye teamet eit treningstilbod til 46 ungdomar.

Frå sponsorane er det også store forventningar til samarbeidet. Det er åtte verksemder som har gått inn i eit slags sponsorlaug som kjem frå heile lina i havbruksnæringa, frå produksjon til sal. Fleire av dei er konkurrentar i kvardagen.

– Vi trur vi gjennom dette samarbeidet kan læra mykje av kvarandre. Vi er i same situasjon som de som skiskyttarar. Vi er både på same lag og konkurrentar. Med sunne verdiar og rett innstilling gjer vi kvarandre gode. Eg er spent på kva kan få ut av dette, sa Lars Heine Kåsa.

Kåsa har sett saman ei sponsorgruppering frå Hardanger til Trondheim. Linga Laks, Eide Fjordbruk, Salmon Group, FrontMarine, Bravo Seafood Bømlo Brønnbåtservice, Norway Royal Salmon og Hardanger Fiskeforedling har inngått ein to-årsavtale med opsjon på ytterligare to år.