Takk, Alf-Helge

Meninger
0

Da finst menneske som ikkje berre påverka kvardagen din, men som endra måten du ser verda på. For meg var du ein av dei.

Du var ein av dei sjeldne som kombinerte klokskap og kraft, varme og vilje, visjon og realisme. Du bygde ikkje berre selskap, du bygde retning.

Du tok ei heil næring inn i moderne tid, og gjorde da med ein stil som var lika mykje menneske som teknologi.

Eg er djupt takksam for å ha fått lære av deg dei siste åra.

Les også: Alf-Helge Aarskog er død

I ei næring som ofte jaga tempo og tal, minte du meg alltid på kva som faktisk betyr noko, meining, retning, ansvar og menneske.

Du såg langt, fordi du forstod kva havbruk kunne bli.

Og du såg nært, fordi du visste at alt startar med menneska som står i det kvar dag.

Du hadde eit eige nærvær.
Du stilte spørsmål som fekk ein til å stoppe opp.

Du utfordra alltid på sanning, ikkje pynt.
Du lytta slik at ein tenkte ein gong til.
Og du hadde ein ro som heldt fast sjølv når alt rundt rista.

For meg personleg gav du mot til å tenkje større.
Du gav meg trua på at retning betyr meir enn fart.
Og du gav meg eit verdigrunnlag eg kjem til å bera med meg så lenge eg leve.

Det er merkeleg kor sterkt eit menneske kan prege deg, sjølv utan store ord.
Du var ein av dei som viste at leiing ikkje handla om å stå fremst, men om å stå støtt, og få andre til å gjere da same.

Når me i Eide i dag jobba med å setje standarden for framtidas havbruk, står tankesettet ditt midt i grunnmuren.
For da handla om å bygga noko som vare, ikkje berre noko som veks.

Eg kjem til å sakne deg.
Næringa kjem til å sakne deg.
Og framtida i havet kjem til å kjenna avtrykket ditt i mange år framøve.

Takk for alt du lærte meg.
Takk for alt du stod for.
Takk for at du var eit menneske som gjorde andre sterkare, utan å gjere noko nummer av da.

Kvil i fred, Alf Helge.
Eg er uendeleg takksam for alt du gav og alt eg har lært av deg.