Suksess med luse-skjold

Nyheter
493

– God timing, seier dagleg leiar Børre O. Waagan i Plany.

Luseskjoldet er ei spesialsydd presenning som oppdrettarane monterer rundt anlegget for å hindre at parasitten lakselus og smittestoff driv inn i anlegget. Det stikk fem til ti meter ned i sjøen, og kan heisast opp og ned manuelt.

Skjoldet er spesielt nyttig i den kalde årstida, når leppefisken oppdrettarane bruker for å halde lakselusa i sjakk er lite aktiv. Det første forsøka med skjoldet gav gode resultat, og dermed tok det av, skriv Nett.no.

Skjoldet er utvikla hos Plany og 2014 var det første året skjolda frå kom i sjøen i større omfang.

I år hadde Waagan og salsdirektør Kenneth Brandal vona dei skulle skulle selje mellom 50 og 60 luseskjold. Hittil har dei seld rundt 130.

Oppdrettsnæringa er blitt den viktigaste kunden for Plany. Sande-bedrifta med 17 tilsette er ei av dei oppdrettarane ser til i jakta på metodar som kan begrense problemet med lakselus.

Plany sitt mest etablerte produkt er eit formsydd avlusingskjørt som blir trekt utanpå oppdrettsanlegget, som og gjer anlegget til eit lukka anlegg – slik reglane krev før oppdrettarane kan behandle fisken med kjemiske midlar som tek knekken på lakselusa.

Det tredje store produktet for oppdrettsnæring er flytande ferksvassbasseng. Ferskvatn er eit effektiv hjelpemiddel i ein av behandlingsmetodane mot lakselus, og ferskvassbassenget reduserer tida brønnbåtane brukar på å fylle og frakte ferskvatnet dit det skal.