Stranda Prolog fekk miljøpris

Nyheter
587

– Dette er ein pris som betyr mykje for oss, seier dagleg leiar Klaus Hoseth.

Prisen blei delt ut av Møre og Romsdal fylkesting.

F.v.: Klaus E. Hoseth, Stranda Prolog, Runar Vestheim, leiar i Regional- og næringsutvalet, fylkesordførar Jon Aasen og Jacob G. Hoseth i Stranda Prolog. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Prisvinnaren har utmerka seg i miljøarbeid til toppkarakter. Stranda Prolog vart etablert av familiens Hoset i 1986 på Averøy, i ei tid då miljøtiltak ikkje var det ein først tenkte på. Dei har bygd opp ei kunnskaps- og kompetanseføretak med over 30 tilsette som framleis er i  vekst. Dei har vore oppteken av å designe og levere løysingar til skiftande behov og utfordringar, som til dømes i havbruksnæringa, der eit av dei store problema er lakselus og medikamentell behandling. For å få bukt med desse utfordringane er det viktig at nokon utviklar løysingar for dei, ei slik løysing er HeliXiR, sa leiaren utvalet, Runar Vestheim .

I utvalet si grunngjevinga for prisen heiter det mellom anna at Stranda Prolog har gjennom det store miljøprosjektet HeliXiR freista å finne metodar for betre fiskevelferd, redusert eller betre medikamentbruk, og samtidig klart å betre produktkvalitet og reduserte produksjonskostnader. Dette er eit viktig bidrag til å løyse sentrale utfordringar i havbruksnæringa, som er svært viktig for Møre og Romsdal.

Prosessen skal redusere medikamentbruk med 90-98 prosent, samstundes med at både lus og kjemiske stoffar kan samlast opp for å gje ein stor miljøgevinst. Systemet filtrerer alt avløpsvatn og kan óg lukkast for å hindre all utslipp. Metoden optimaliserer effekten av aktuelle medikament gjennom laupande kontroll av konsentrasjonsnivå og fisken si opphaldstid i badet. Resultatet skal vere ein rein fisk og minimal resistensoppbygging i lusepopulasjonen, samstundes som fiskevelferd blir ivareteke. Miljøutvalet meiner at verksemda klart oppfyller retningslinjene for miljøprisen og er eit godt døme på å oppnå ei berekraftig utvikling innan næringsutvikling.

Prisen består av eit diplom, eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner.