Støttar forslag som kan redusere lusebelastinga

Nyheter
494

Derfor bør det vere eit krav at oppdrettarane dokumenterer tiltak mot lus i søknaden, skriv Havforskingsinstituttet.

Ifølgje forslaget som Nærings- og fiskeridepartementet sendte ut på høyring tidlegare i år, kan oppdrettsfisken maksimalt ha 0,1 vaksne holus i snitt og det kan berre brukast to medikamentelle behandlingar gjennom produksjonssyklusen. Data viser at under ni prosent av alle lokalitetar har klart å halde lusenivået under 0,1 vaksne holus i perioden 2010–2013.

Dersom det ikkje vert innført tiltak for å redusere mengda lus, blir det etter Havforskingsinstituttet sitt syn vanskeleg å overvake og oppretthalde den nye grensa fleire år på rad. Det bør derfor vere eit vilkår at søkjarar må dokumentere slike tiltak i søknaden.

Tidlegare har Havforskingsinstituttet åtvara mot vidare produksjonsauke i oppdrettsnæringa, spesielt på grunn av utfordringar knytt til lakselus. Ein produksjonsauke knytt til redusert lusenivå vil likevel føre til mindre belasting enn ein generell produksjonsauke, og vil også kunne redusere den totale belastinga frå lakselus.

Det er også eit problem at lakselus utviklar resistens mot medikamenta som blir brukt når oppdrettsfisken vert avlusa. Sidan det har vist seg vanskeleg å finne nye effektive medikament mot denne parasitten, er ei utvikling med auka resistens problematisk. I det nye forslaget er det foreslått maksimalt to behandlingar, noko som er positivt sidan det vil gje mindre bruk av medikamenta mot lus.