Større fangst av pukkellaks enn atlantisk laks

Nyheter
0

I 2023 blei det for første gong fanga meir pukkellaks, både i tal fisk og vekt, enn atlantisk laks i norske fjordar.

Det vart fanga til saman 183 tonn pukkellaks, ein auke på 112 tonn frå 2021. Samtidig gjekk fangsten av atlantisk laks ned med 21 tonn frå 134 tonn i 2022, melder NRK.

Det går fram i ein fersk statistikk frå Statistisk sentralbyrå, som blei lagt fram fredag.

I 2023 utgjorde pukkellaks 62 prosent av den totale fangsten av laksefisk. Nesten all pukkellaks blei fiska i Troms og Finnmark, men det blei rapportert fangst av pukkellaks så langt sør som til Vestland fylke.

Av kommunane var det Hammerfest, Sør-Varanger og Alta som hadde størst fangst av pukkellaks, med høvesvis 42, 38 og 24 tonn.