Stoppar produksjon og sal av Salma-laks

Nyheter
0

Bremnes Seashore har i dag informert sine tilsette om at selskapet vil avvikla produksjonen og salet av Salma-produkt. Avgjersla byggjer på ei vurdering av kva som best sikrar selskapet si vidare utvikling innanfor dei rammevilkåra som marknaden og styresmaktene legg.

Konsernsjef Linda Litlekalsøy Aase understrekar i ei melding at dette har vore ei tung, men nødvendig avgjerd:

– Salma har vore eit eventyr som har sett norsk laks på verdskartet og skapt stor stoltheit i heile organisasjonen. Men økonomiske realitetar gjer at me ikkje lenger kan forsvara vidare satsing på Salma.

Salma-satsinga har gått med underskot dei siste åra. Prognosane viser at dette vil halda fram, med tap i storleiksordenen fleire titalls millionar kroner årleg. Marknadssituasjonen har endra seg, og dyrtid gjer at ikkje alle kan ta seg råd til høgforedla lakseprodukt. Dette har gjort det krevjande å oppnå volum som sikrar lønsemd.

Skatt
– Råstoffprisane har gått opp, og både interne og eksterne kostnader har auka etter at me bestemte oss for å investera i ny fabrikk. Fabrikken inneheld ei ny kjøle, fasilitetar for frysing, ei topp moderne filetlinje og Salma-linja. Dei tre første skal vidareutviklast, medan Salma-produksjonen dessverre må avviklast, forklarer Aase.

Linda Litlekalsøy Aase. Foto: Tina Totland Jenssen

– Det hadde heller ikkje vore til ulempe om styresmaktene hadde lagt betre til rette for norsk eigarskap og foredling i Noreg, mellom anna ved å unngå auka skattar og ved å styrka rammevilkåra for foredling.

Avviklinga av Salma-produksjonen frigjer ressursar som skal styrka satsinga på anna kvalitetslaks, noko som er ein del av kjerneverksemda til Bremnes Seashore.

– For å lukkast i framtida må me vera godt rusta til å sikra at laksen me produserer er frisk, veks godt og held høg kvalitet. Det krev investeringar i større postsmolt, betre skjermingsteknologi i sjøen, oppgradert opptaksanlegg og ikkje minst fleire tiltak for å forbetra biosikkerheita. Slike satsingar er heilt nødvendige for å møta framtida, seier Aase.

100 tilsette
Avviklinga av Salma-produksjonen vil dessverre føra til at meir enn 100 tilsette i konsernet blir direkte råka. Samstundes er dette ein del av ein større prosess for å redusera kostnadane i heile verdikjeda og styrka selskapet for framtida.

– Dette er ein svært tung beskjed å gi, spesielt no rett før jul. Me skal sikra ein ryddig og rettferdig prosess i tett samarbeid med dei tillitsvalde, understrekar Aase.

Hovudeigar Olav Svendsen understrekar kor mykje Salma har betydd:

– Salma har ikkje berre betydd mykje for oss som organisasjon, men også for mange andre menneske. Eg vil retta ei stor takk til alle som har bidrege til å gjera Salma til eit produkt som har inspirert både lokalt og nasjonalt. Produktet har vore ein viktig del av norsk matkultur, og me er stolte av det me har oppnådd.

– Desse endringane sikrar at Bremnes Seashore er rusta for framtida og vil halda fram som ein berekraftig og leiande aktør i norsk havbruk, avsluttar Svendsen.