Krafkt Laks søker assisterande driftsleiar

Banner-Kraft-Laks-AS-840x100

Kraft Laks AS er eit lokalt forankra oppdrettsselskap  med lang fartstid i næringa.
Vi driv med oppdrett av laksesmolt i Dalsbygda i skulebygda Volda.
Reisetid frå Volda sentrum er om lag 15 min. ferge og 15 min.kjøreavstand.
Anlegget har historie heilt attende til 1983, og har gjennom 1990 og 2000 tallet vorte vesentleg ombygd og oppgradert.
Vi innehar ein konsesjon på 5 mill.smolt i året, men produserar om lag 2,5 mill.smolt ved tradisjonell gjennomstrøyming.
Vi er aksjonær i Salmon Group, verdens største nettverk av lokaleigde oppdrettsselskap.
For meir informasjon om Volda sjå www.volda.kommune.no og www.studiebygda.no

Vi søkjer assisterande driftsleiar/internkontrollansvarleg

Hovudoppgåver:

  • Ansvarleg for oppfølging og vidareutvikling av bedrifta sitt internkontrollsystem og kvalitetssystem, herunder IK-AKVA, IK-HMS og Global Gap.
  • Støttefunksjon til driftspersonell med omsyn til produksjon, internkontroll og kvalitetssikring.
  • Den tilsette vil saman med administrativ leiar vere ansvarleg for å styre/planlegge og optimalisere drifta på anlegget.
  • Stadfortredar for driftsleiar.
  • Delta i vaktordning.

Vi søkjer etter ein som har

  • Erfaring med internkontroll/kvalitetssystem..
  • Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg.
  • Stå på vilje
  • Leiareigenskapar, samarbeidsevne og evne til å arbeide systematisk og målretta.
  • Førarkort klasse B.

Krav til kompetanse:

  • Relevant utdanning utover vidaregåande skule vert vektlagd.
  • Må beherske bruk av tekstbehandling og regneark, samt generell bruk av pc.
  • Relevant erfaring frå havbruk/husdyrhald er ønskeleg.

Vi tilbyr:

  • Konkurransedyktig lønn,pensjon og forsikringsordning.
  • Utfordrande og varierte oppgåver.
  • Godt arbeidsmiljø.
  • Fleksibel avspasering og ferieordningar.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Knut Endre Heltne.
Tlf. 91598575 el. 70053150.
Søknad med cv og referansar sendast til
Kraft Laks AS, Dalsbygd, 6120 Folkestad
eller mail: [email protected]

Innan 24.03.2014.