Stiller på scenen med steril triploid laks

Nyheter
665

Florian Sambraus (29) kjem frå den kjende badebyen Timmendorfer Strand ved Austersjøen. Han er halvvegs i doktorgraden, som han tek på Havforskingsinstituttet/Det matematisk-naturvitskaplege fakultet på Universitetet i Bergen, skriv Havforskningsinstituttet på si heimeside.

Florian Sambraus undersøker korleis ein best mogeleg kan oppdretta steril triploid oppdrettslaks. Fordelen med triploid holaks er at den ikkje gjennomgår kjønnsmodning, som stoggar veksten og gjev dårlegare kvalitet på fiskekjøtet. Det er heller ikkje noko fare for genetisk interaksjon med villaksen dersom den sterile laksen skulle klara å rømma. Ulempa er at laks som er avla fram på denne måten  er meir utsett for helseplager som grøn stær og deformitet i ryggsøyla. Triploid laks er også meir var når det gjeld temperatur og oksygen. Sambraus ser mellom anna på korleis diett og optimale miljøtilhøve kan gjera den sterile laksen meir robust.

Det er fjerde gang Havforskingsinstituttet er med i forskartevlinga, men første gang ein mannleg, utanlandsk stipendiat skal forsvara instituttet si ære. Florian Sambraus veit vel at han har nokre ekstra utfordringar når han skal til pers den 24. september. Han er ein av to engelskspråkelege deltakarar, og tema steril laks vert nok oppfatta som kontroversielt av nokon.

– For meg er Forskar grand prix først og fremst eit høve til å opplysa om forskingsfeltet steril triploid laks. Dessverre eksisterer det ein del forvirring om denne metoden, og ein del er skeptiske til satsinga på steril laks. Men landbruket og sjømatnæringa har produsert sterile matvarer i ei årrekkje. Prinsippet er kanskje først og fremst kjent i dyrkinga av steinfrie druer, klementinar og annan frukt, men det blir også praktisert  i oppdrett av østers og eit par fiskeartar, seier han.

– Så er det stas å få representera Havforskingsinstituttet i Forskar grand prix. Eg trur dessutan treninga i forkant av konkurransen og sjølve arrangementet blir ei god erfaring som eg vil ha nytte av vidare i doktorgradsarbeidet. Det er også kjekt å bli kjent med dei andre deltakarane: vi har hatt den første samlinga, og det var god kjemi i gruppa.

Florian Sambraus har ein mastergrad i berekraftig oppdrett frå Skottland. Han skryter av fasilitetane og kjekke kollegaer på forskingsstasjonen i Matre. Når han ikkje er i felten eller studerer, brukar han tid på fisking og fuglekikking. På instituttet har han Per Gunnar Fjelldal, Tom Hansen, Rolf Erik Olsen og Mette Remen som rettleiarar, medan Rune Waagbø er rettleiar på universitetet.

I år vert Forskar grand prix arrangert i Kultursalen i det nye bygget til Høgskulen i Bergen. To kandidatar går vidare til  den nasjonale finalen i Oslo 27. september.