Sterk marknadsføring med rask respons

Nyheter
534

Den generelle eksporten av norsk laks aukar jamt og trutt, og i 2015 eksporterte vi for 47,7 milliardar kroner. Dette er ein oppgang på ni prosent samanlikna med 2014. Men ifylgje bransjeansvarleg Bjørn Eirik Stabell og lakseanalytikar Paul Andahl i Noregs Sjømatråd, er utviklinga i nokre marknadar meir spesielle enn i andre. Dei vil i første rekke framheva det som skjer i Spania, mykje fordi auken er stor, men også fordi dette er den største ferskmarknaden for norsk laks.

Meir fersk laks i heimen
I perioden frå 2006 til 2010 gjekk det spanske laksekonsumet sakte oppover, men då finanskrisa nådde Europa i 2011, fekk vi ei endring. I første omgang gjekk konsumet litt ned, men vi fekk også ein overgang frå restaurantkonsum til heimekonsum, noko som blei positivt for norske lakseeksportørar. Produsentane tilpassa seg situasjonen med større aktivitet inn i marknaden og dei spanske supermarknadskjedane, med Mercadona i spissen, vart drivarane for auka konsum av norsk fersk laks i Spania.

Kampanjar i fokus
Finanskrisa førte også med seg ein reduksjon i kostnadane for marknadsføring, noko Noregs Sjømatråd valde å utnytte.

– I den perioden fekk vi mykje reklame for pengane, så vi utnytta situasjonen og laga mellom anna filmen «My Best Secret», noko som gav svært god respons, seier Bjørn Erik Stabell til iLaks.

Rask reaksjon i ferskmarknadane
Konsumet av norsk laks i Spania i perioden frå 2012 til 2015 auka meir enn i andre land. Ei viktig forklaring er at responsen i ferskmarkandane ofte er raskare enn i andre markandar.

– Går prisen ned, aukar konsumet også raskt, seier Paul Andahl. Dette har skjedd i fleire land i Sør-Europa, men utviklinga i Spania har vore sterkast.

Sjømat har alltid stått sterkt i Ola og Kari sitt ferieland nr. 1, men i motsetning til andre land i Europa var ikkje laksen den dominerande fiskearten på bordet til spanjolane før i 2014. Dei siste åra har supermarknadskjeden Mercadona hatt ei dobling i salet av fersk norsk laks.