Startar produksjon av rognkjeks på Tysnes

Nyheter
515

Han skal no leia arbeidet med å klargjera og setja i gong produksjonen av rognkjeks på Onarheim, skriv Tysnesbladet.

Onarheim Bruk har fått konsesjon på både rognkjeks og berggylt, men skal av praktiske årsaker konsentrera seg om rognkjeks i fyrste omgang.

– Rognkjeks er mykje enklare i oppdrett enn berggylt, som har ein meir omfattande og vanskelegare produksjon, seier Eskeland.

Det er smoltanlegget på Onarheim som no vert ombygd. Det praktiske arbeidet med ombygginga er rekna til å ta to til tre månadar, og dei tilsette er allereie i gong med å klargjera og henta inn prisar på utstyr.

– No i byrjinga skal me gjera reint og rydda vekk alt som ikkje skal brukast. Eg vonar det går bra, og at me får tak i rogn eller småfisk i løpet av hausten, seier Eskeland.

Han planlegg å byggja vidare på tidlegare erfaringar når han no skal leia produksjonen.

– Me skal prøva å halda oss til metodar som me veit at har fungert før. Det er ikkje det at me absolutt ikkje skal prøva nye ting, men det kan vera ein fordel å byrja der ein kjenner at ein har best kontroll.

Eskeland har tidlegare erfaring med produksjon av rognkjeks.

– Eg kom innpå dette i 2012. Eg jobba då i Ryfylke Rensefisk, og var med på å setja i gong produksjon av rognkjeks, fortel han til Tysnesbladet.