Sosiale medier – viktig også for oppdrettsbransjen

Meninger
1738

Vi synest det er flott at iLaks set fokus på bruken av mellom anna sosiale medier blant oppdrettsselskap i Noreg og Sulefisk vil gjerne gje respons på denne artikkelen ved å fortelle om våre vurderingar og erfaringar knytt til sosiale medier.

I Sulefisk har vi eit mantra som ikkje kan gjentakast for ofte; Ha fokus på fisken! Dette er sjølvsagt det viktigaste vi gjer i selskapet vårt og skal aldri vike for andre aktivitetar. Likevel ser vi at både for Sulefisk som enkeltaktør og for oppdrettsbransjen generelt har bruken av sosiale medier vorte ein viktig kanal for å både spreie kunnskap, marknadsføre, avkrefte myter, skape interesse, gje informasjon og kommunisere drifta vår til omverda.

I mars 2016 gjekk Sulefisk online på Facebook. Då hadde vi hatt fleire rundar internt i bedrifta der spørsmål knytt til relevans, oppfølging og formål med bruk av sosiale medier var gjenstand for diskusjonar. Sulefisk ynskjer å byggje tillit til verksemda vår og laks som produkt gjennom å drive transparent. I dette legg vi at vi ynskjer å vere opne både om produksjonsmetodar, drift og resultat. Dette vere seg både ovanfor andre aktørar i bransjen, kundar, forbrukarar og ulike interesseorganisasjonar. Vi er stolt over drifta vår og av laksen vår. Dette ynskjer vi å formidle ut i verda både for å marknadsføre laks som eit trygt og sunt produkt, men også for å synleggjere verdiskapinga og ringverknadar verksemda vår har både i lokalsamfunnet og næringa vi er ein del av.

Vår konklusjon og vurdering er at sosiale medier er ein viktig kommunikasjonskanal. Særleg viktig er bruken av t.d. Facebook ein god arena å formidle kunnskap om oppdrettsbransjen til «Ola og Kari Nordmann». Som de skreiv i artikkelen på ILaks onsdag har Facebook over to milliardar brukarar på verdsbasis og er såleis, anten vi liker det eller ikkje, vorte ei viktig kjelde i informasjonsinnhenting. -Informasjonen vi hentar ut frå sosiale medier er i større eller mindre grad med å fargar oppfatninga vår, både av folk, næringar og produkt. Med omsyn til dette meiner vi at det er viktig at oppdrettsbransjen bidrar til ei god omdømmebygging gjennom nettopp sosiale medier. Bransjen må sjølv bidra til å gje eit ærleg, godt og realistisk bilete av næringa vår.

I skrivande stund har vi 767 likes på sida vår og får positiv respons på aktiviteten vår. Sulefisk har ikkje ein eigen redaksjon som jobber med innlegga, men ein prosjektkoordinator som har ansvar for å svare på henvendingar og regelmessig legge ut innlegg med ulikt innhald. Innlegga til Sulefisk er varierte og har både faglege, personlege, produksjonsrelaterte og samfunnsmessige vinklingar.  Forventningane våre var nok at den faglege delen av innlegga våre var det som ville engasjere flest lesarar, men erfaringane våre viser noko anna. «Dei enkle historiene bak» er det som gir mest «likes» i vårt tilfelle. Historier og bilete av arbeidarar som viser arbeidsprosessar, samhald, glede og trivsel. Dette kan vere alt frå klekkeri, vaksinering, notskift, levering, presentasjon av tilsette eller velferdsturar og personalsamlingar. Samansette tekstar med bilder og eit kvardagsspråk som forklarer og gjev inntrykk av kva vi driv med i oppdrettsbransjen treff leserar av sosiale medier.

Nokre gongar er det faktisk ganske effektfullt å definere 330 tonn laks som 1,32 millionar laksemiddagar! Dette gjev eit anna perspektiv på kva vi jobbar med. Tekstane formidlar informasjon, kjensler, gjev eit ansikt utad og skaper identitet og tilhøyring for lesarane. Dette er viktige verkemiddel som oppdrettsnæringa må bruke på ein god og positiv måte i omdømmebygging kring bransjen vår.