Sølvtrans bygger ny 87 meter lang brønnbåt ved sunnmørsverft

Nyheter
2383

Myklebust signerer kontrakt med Sølvtrans igjen.

Myklebust Verft i Sande på Sunnmøre har inngått sin fjerde brønnbåtkontrakt med Sølvtrans Rederi i Ålesund. Fartøyet er basert på Kongsberg NVC 389 og er av same design som Sølvtrans allereie har under bygging hos Myklebust. Lastekapasiteten er på 4.000 m3. Også dette skroget skal byggast ved det tyrkiske verftet Hat-San.

Levering av det som blir byggnummer 76 frå Myklebust Verft er kontraktsfesta til oktober 2021, fremgår det av ei pressemelding.

– Vi er stolte over å lykkast med fleire kontraktar til Sølvtrans. Det gjev oss store mulegheiter til å, i lag med alle involverte aktørar, utnytte positive synergiar og læring frå prosjekt til prosjekt. Kontrakten inneber også mange leveransar frå ei rekkje lokale verksemder der dei største i omfang er Kongsberg Maritime, MMC FIRST PROCESS og Hareid Group.

– Vi opplever ein positiv marknad for denne 4.000-kubikk serien som vi har kontrahert hos Myklebust og for oss finn vi den kvaliteten vi jaktar på lokalt, seier reiar og administrerande direktør i Sølvtrans, Roger Halsebakk.

Kontrakten høver godt med den strategien Myklebust har valgt ved å bygge fleire fartøy til same kunde med kjend teknologi og design.

– Det er også ei stor tillitserklæring frå Sparebanken Møre at dei stiller med byggefinansiering til nok eit nybygg ved Myklebust Verft, seier Hide.

Med denne kontrakten har Myklebust ein ordrereserve på om lag ein milliard kroner innan nybygg og ettermarknaden. Verftet har 135 eigne tilsette.

Frå venstre: Prosjektleiar Tor Ove Stenersen og CEO Roger Halsebakk frå Sølvtrans, dagleg leiar Inge-Jonny Hide og prosjektleiar Tor Inge Nordmo frå Myklebust Verft.