Smart Salmon-sjefen meiner satsing til 350 mill. vil gje gode marginar 

Nyheter
0

Smart Salmon planlegg byggestart for storsmoltanlegg i Bremanger i haust. Adm. dir. Petter Bakke seier budsjetta viser gode tal for prosjektet til 350 millionar kroner. 

Smart Salmon har konsesjon for produksjon av totalt 7.500 tonn biomasse årleg på det planlagte anlegget i Bremanger. Første byggetrinn, med planlagt byggestart etter sommaren, er for 2.500 tonn biomasse. Det er snakk om eit bygg på kring 13.000 kvadratmeter og med 12.000 kubikkmeter karvolum.  

– Vi planlegg eit storsmoltanlegg med klekking av fisk frå rogn der vi har fisken i anlegget til han er 500 gram. Det er mogleg vi vil produsere større fisk også, kanskje opp mot ein kilo. Med 500 gram fisk vil vi kunne produsere fem millionar årleg etter utbygginga av første byggetrinn, seier Bakke til iLaks. 

Han trur det er realistisk å ha den første storsmolten klar for marknaden i mars 2023, sjølv om finansieringa ikkje er heilt i mål. Selskapet fekk inn 40 millionar kroner i frisk eigenkapital i januar slik at den totale eigenkapitalen er om lag 50 millionar kroner.  

Skal byggje her: Illustrasjonen viser korleis storsmoltanlegget til Smart Salmon er planlagt i industriområdet i Smørhamn i Ytre Bremanger. Første byggetrinn er 13.000 kvadratmeter.

Reinvesterer gevinst 
Brørne Petter, Stig og Ole Bakke frå Davik i Bremanger sit slik situasjonen er no på ein eigardel på vel 40 prosent samla. Stig og Petter Bakke var sentrale eigarar i Norsk Marin Fisk som nyleg vart seld til Eide Fjordbruk for kring 130 millionar kroner. Petter Bakke seier ein del av vinsten blir investert vidare i Smart Salmon. 

– Vi har også inngått låneavtale med den svenske långievaren PCP Capital på 220 millionar kroner. Vi jobbar med å få inn ytterligare 150-200 millionar kroner og har god tru på at det skal løyse seg. 

– Vi trur vi kan oppnå ein pris i marknaden på kring 36 kroner for ein 500 grams fisk. Kostnaden med å produsere reknar vi med vil vere i overkant av 20 kroner. Vi trur det vil vere mogleg å oppnå ein margin på 15 kroner per fisk.  

Etablert i dette bygget: Smart Salmon har etablert seg på gateplan i det gule bygget i Sjøgata på Nordfjordeid, i lokale der det tidlegare var bank. Det er halvanna time køyretur til Smørhamn herifrå. Når utbygginga er ferdig, seier adm. dir. Petter Bakke at hovudbasen blir i Smørhamn. FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

Skal selje alt i marknaden
Til skilnad frå ein del andre aktørar som satsar på landbaserte storsmoltanlegg, har ikkje Smart Salmon eigne konsesjonar i sjø, alt som blir produsert av smolt skal seljast i marknaden. Økonomen Petter Bakke, med bakgrunn frå både finans og oppdrett, meiner det er eit godt prosjekt i dagens oppdrettsmarknad, sjølv om investeringa er stor. 

– Tradisjonelt er fisken sett i sjøen når han er 100-150 gram. Vi ser no at stadig fleire vil ha stor smolt, på grunn av miljøomsyn, luseproblematikk og betre utnytting av konsesjonen når du får ned tida i sjø til rundt ti månader. Mange jobbar med liknande anlegg for tida, men det vi ser er at snittet på fisken som blir sett ut i dag på landsbasis er 170-180 gram. Skal alle ha 500 gram må settefiskkapasiteten tredoblast. 

Oppdrettar: Eldstebror Stig Bakke har langvarig bakgrunn frå praktisk lakseoppdrett. FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

USA-basert nordfjording medeigar
Ein annan aksjonær i morselskapet Smart Salmon Group er den USA-baserte nordfjordingen Olav Refvik gjennom selskapet Nordfjord (6,5 prosent). Han er mest kjent for å ha slått seg opp på Wall Street. Den siste tida har han involvert seg i fleire satsingar i Nordfjord. Refvik er også aksjonær i den landbaserte satsinga til OFS Måløy der ein no er i gang med bygging, samt i det planlagte Selje Hotell.  

Andre involverte på eigarsida er marinbiologen Åsmund Baklien (5,7 prosent), entreprenøren HS Bygg som skal stå for utbygginga (3,7), og den israelske teknologileverandør Aqua Maof (7,3). Til saman 80 aksjonærar er medeigarar i selskapet. 

Tidlegare ferjeleie: Det er i dette industriområdet i Smørhamn, i nærleiken av Kalvåg, Smart Salmon planlegg storsmoltanlegg. Bygget blir liggande til venstre i biletet. Ferja til Svelgen gjekk herifrå før det vart landfast med tunnel under Skatestraumen og sambandet vart nedlagt. FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD