Slit med å få norsk sjømat inn i Kina

Nyheter
697

– Vi har siste vekene fått ei rekkje tilbakemeldingar om at norske eksportørar har problem med å få norsk sjømat inn i Kina. Det er ein svært utfordrande situasjon, seier direktør Sigmund Bjørgo ved Norsk Sjømatråd i Shanghai til nett.no.

 Endringa kom overraskande.

– Ja, tilbakemeldingar frå næringsaktørar er at kinesiske Veterinærstyresmakter har sett i gang hyppige og omfattande kontrollar av all norsk sjømat.

I praksis vert den norske sjømaten sett i karantene medan det foregår testing. Denne karantenetida kan ta lang tid.

I 2014 vart det eksportert sjømat for 3,2 milliardar kroner til Kina, derav 10.400 tonn laks til ein verdi av 445 millionar kroner.

Bjørgo vil ikkje spekulere i kva som er årsaka til at det er sett i verk så strenge tiltak mot norsk fisk.

Han kjenner ikkje til om Island, Færøyane eller andre europeiske land er underlagt eit like strengt kontrollregime som norsk sjømat.

– Nei, vi er ikkje kjent med at dette gjeld andre land enn Norge.

Les heile artikkelen på nett.no.