Slik oppnår Lingalaks og Alsaker lav fiskedødelegheit

Nyheter
0

Duo i raud sone gjer det betre enn landsgjennomsnittet.

17 prosent av all oppdrettsfisk i Noreg døyr før slakting viser den årlege fiskehelserapporten frå Veterinærinstituttet. Verst er det i området frå Karmøy til Sotra. Der døyr heile 25 prosent av fisken.

Men to oppdrettsselskap i akkurat dette området har klart å gå mot den negative straumen.

Lingalaks har dei siste sju åra hatt fiskedødelegheit under landsgjennomsnittet, og var i 2022 nede i seks prosent. Også Alsaker Fjordbruk har halde seg stabilt under snittet for all fiskeoppdrett i landet.

Feil veg
– Dei totale tala for bransjen har gått feil veg. Det er uheldig, og ikkje bra for bransjen totalt sett, seier dagleg leiar Nina Møgster i Lingalaks til NRK.

– På landsbasis må me ligga under ti prosent, og kanskje ned mot fem prosent i det lange bildet, seier Møgster.

Kari Lillesund, fiskehelsesjef i Alsaker Fjordbruk, forklarer kva Alsaker gjer som er rett:

– Å unngå avlusingar, ikkje få sjukdom og ikkje spreia sjukdom. Og at me er gode til å snu oss rundt når det trengst.

Møgster seier det er vanskeleg å svara på kvifor andre selskap lukkast dårlegare.

Flaks
– Me jobbar veldig målretta med førebyggande fiskehelsearbeid. Me overvakar velferda i merden og gir velferdssituasjonen score kvar veke. Det brukar me til å gjera gode vurderingar og tiltak. Derfor trur eg me fangar opp ting ganske tidleg, før me eventuelt får auka dødelegheit på fisken, seier ho til NRK.

– Me er òg opptatt av at fisken skal ha ein god diett: eit fôr som dekker behovet til fisken gjennom alle ulike livsfasar.

På spørsmål om Alsaker og Lingalaks har hatt flaks og mange andre uflaks, svarer Møgster:

– Det er vel noko som heiter at det er ikkje alltid tilfeldig viss ein har flaks. Kanskje heller ikkje tilfeldig viss ein alltid har uflaks.