Slik kan oppdrettsfisken få færre bakteriesår

Nyheter
0

Temperatur og salinitet viser når faren for sårutbrot hos oppdrettslaks er størst. Samtidig kan redusert handtering betydeleg redusere risikoen.

– Sjølv om dei aller fleste oppdrettsfisk vert vaksinerte, er bakteriesår framleis ei av dei største velferdsutfordringane i norsk akvakultur, seier havforskar Tina Oldham i ei nettsak hos Havforskningsinstituttet. 

Bakterie hos oppdrettslaks er resultatet av opportunistiske bakteriar og ein svekka vertsfisk.

Ny forsking viser korleis miljøvilkår og handteringspraksisar bidreg til sårutbrot – og korleis ein kan redusere infeksjonsrisikoen.

Dette er høgrisikoperioden
I norske merdar er det hovudsakeleg to bakteriar som fører til utbrot av sår hos oppdrettslaks: Moritella viscosa og Tenacibaculum spp.

Ein strategi som er tufta på miljøovervaking og som førebyggjer mot lakselus kan minske førekomsten av bakteriesår, syner FHF-prosjektet RiskIdent.

Strategien byggjer på funn frå tre komplementære framgangsmåtar.

  • Havforskarane har analysert 452 handteringstilfelle frå ulike oppdrettsanlegg i Nord-Noreg.
  • Vidare har forskarane gjennomført kontrollerte laboratorium-forsøk for å granske korleis sår lækjast i ulike miljøvilkår.
  • Endeleg har dei overvaka førekomsten av patogen i sjøen og alvorsgraden av sår ved eit kommersielt anlegg over 16 månadar.

Funna viser at to miljøvilkår er avgjerande for førekomsten av bakteriesår: temperatur og salthaldigheit.

Miljødata synte at M. viscosa berre vart påvist når vasstemperaturen var under 10 grader, og salthaldigheita var over 30 ppt.

Tenacibaculum spp. synte ei breiare toleranse, men alvorlege sår førekom berre når vasstemperaturen var under 10 grader og salthaldigheita var over 30 ppt.

– Temperatur og salthaldigheit er såleis tydelege indikatorar for periodar der det er høg risiko for at oppdrettsfisken skal få bakteriesår, seier Oldham.

Forskingsteknikar Kris Oldham held oversikta i prøveinnsamling på eit kommersielt anlegg, der forskarane utførte ei omfattande evaluering av fiskevelferda. Foto: Havforskingsinstituttet

Handtering fører til auka sår-risiko
Vidare synte resultata at kor mykje og kva type handtering oppdrettsfisken vart utsett for, hadde stor betydning for sår-risikoen.

– Oppdrettsfisken toler dei to første avlusingane relativt godt. Sår-førekomsten var stabil, uavhengig av kva avlusingsmetode som vart brukt, seier havforskaren.

– Men etter tre eller fleire avlusingar auka risikoen betrakteleg både for sårutvikling og dødelegheit. Dette viser følgjene av kumulativt stress.

Då får også valet av avlusingsmetode betydning for utfallet.

Fysiske avlusingsmetodar – som termisk og mekanisk avlusing – førte til høgare dødelegheit etter behandling, uavhengig av om oppdrettsfisken hadde vore gjennom avlusing tidlegare.

Kjemiske avlusingsmetodar – som bruk av medisin eller ferskvassbad – påverka i liten grad dødelegheita. Men, om fisken hadde vore gjennom avlusing fleire gongar tidlegare, førte kjemisk avlusing til fleire sår.

– Funna tyder på at fysiske avlusingsmetodar fører til dødelegheit hos sårbare individ, medan dei kjemiske metodane opnar for at desse kan overleve – men med ein auka risiko for bakteriesår, seier Oldham.

Høge oksygennivå og låg salthaldigheit hjelper sår gro  
Di raskare skadar vert lækja hos oppdrettsfisken, di mindre mottakelege er dei for infeksjon og sårutbrot.

Miljøvilkåra har stor innverknad på om sår hos atlantisk laks gror eller vert verre, synte dei kontrollerte forsøka i laboratorium.

– Låge oksygennivå i vatnet, som 60 prosent metting, førte til større sår som tok lenger tid å lækje, seier havforskar Tina Oldham.

Ugunstige miljøvilkår kan forsterke kvarandre, og setje motstandsdyktigheita til fisken på prøve – sjølv utan patogenførekomst i vatnet.

Gunstige miljøvilkår kan på si side hjelpe lækjing:

– Redusert salthaldigheit førte til at sår grodde raskare, noko som òg reduserer risikoen for sekundærinfeksjonar.

Innan sju dagar etter skade, var sår hos fisk i vatn med høge oksygennivå og låg salthaldigheit  ein tredjedel av størrelsen til sår hos fisk i vatn med høg salthaldigheit og låge oksygennivå.

Slik kunne forskjellane i sår-lækjing sjå ut hos fisk i vatn med ulike oksygennivå, 28 dagar etter skade. Foto: Havforskingsinstituttet​​​​

Strategi i praksis: Halvparten så mange avlusingar
For å minske behovet for avlusing – og dimed redusere risikoen for bakteriesår – prøvde forskarane ut ein dynamisk strategi.

Forsøksmerdar vart utstyrte med ti meter lange skjørt, automatiserte luftings- og oksygeneringssystem og nedsenkbare lys- og fôringsutstyr.

Sanntidsdata om miljøvilkåra let forskarane tilpasse forholda for oppdrettsfisken – til dømes ved å bruke fôr og lys til å lokke fisken til brakkvatn i overflata, der verken bakteriane eller lakselus trivst.

– Fisk i forsøksmerdane kravde halvparten så mange avlusingsbehandlingar som fisken i kontrollmerdar, seier Oldham.

Havforskaren understreker at strategien må verte rett utført frå start av, viss ikkje kan det føre til dårlegare gjellehelse hos oppdrettslaksen.

– Forsøksfisken hadde gjennomgåande færre sår og det var mindre førekomst av bakteriar som fører til sår både i fiskeslim og vassprøvene.

Slik minimerer ein risikoen
Basert på resultata har forskarane utvikla retningslinjer for å redusere sårriskoen.

Gjenteken handtering – uavhengig av metode – aukar risikoen. Alle strategiar som reduserer talet avlusingar, vil betydeleg redusere risikoen for bakteriesår.

Slimprøver kan avsløre om sårframkallande bakteriar er til stades, når sjøtemperaturen er under 10 grader.

Om avlusing er nødvendig i høgrisiko-periodar, når sjøtemperaturen søkk under 10 grader, og maneter eller bakteriar er ved anlegget, vil metodar som ferskvassbad vere best. Andre metodar kan auke eksponeringsrisikoen.