Slakteri fekk bot etter rømming

Nyheter
0

Politiet har gitt Slakteriet Brekke 750.000 kroner i bot etter at vel 17.000 laks rømde i 2019.

Holet laksen rømde frå, blei laga av at ei merd kom borti eit fartøy, melder NRK.

I førelegget står det mellom anna at nota ikkje var tilstrekkeleg nedlodda, noko som auka risikoen for at nota kunne komme borti eit fartøy.

Det står også at ingen tilsette frå selskapet var til stades som kunne hindre eller oppdage ein mogleg skade.

Selskapet ønsker ikkje å kommentere bota no.