– Skipstunnelen blir den første i sitt slag i verda og kan bli eit ikon

Nyheter
0

Torsdag kveld presenterte Kystverket korleis dei ser for seg at Stad skipstunnel og området rundt tunnelopningane kan bli.

Det blei gjort under to folkemøte i Kjøde og i Moldefjorden, som får tunnelen ved heimstadane sine.

– Vårt oppdrag er å bygge tunnel. Det er førsteprioritet. Samstundes ser vi stor interesse og potensial også i andre samanhengar enn det reint sjøtryggleiksmessige, seier Sveinung Nedregotten, kommunikasjonsansvarleg i Kystverket for Stad skipstunnel, til NRK.

– Skipstunnelen blir den første i sitt slag i verda og kan bli eit ikon, held han fram.

Skipstunnelen skal gi båttrafikk ei tryggare passering forbi Stad, som er eit av dei farlegaste og mest vêrharde strekka langs norskekysten. Oppdrettsnæringa sine fôr- og brønnbåtar og arbeidsbåter vil vere storbrukarar av tunnelen.

Terje Skjeppestad, prosjektleiar for Stad Skipstunnel, deltok på folkemøta.

– Vi vil vise korleis heile området kan bli sjåande ut når det er ferdig utbygd. Tunnelen blir ikkje berre eit hol i fjellet, men skal passe inn i landskapet. Det skal vere ein flott stad for folk i området, seier Skjeppestad.

Skipstunnelen vil løpe mellom Moldefjorden og Kjødspollen. Byggestart er venta tidleg i 2024.

Kart: Mapbox