Skal produsere storsmolt på Stord

Nyheter
838

I fire store kar i tempererte lokale skal smolt frå 50 til 100 gram alast opp i sjøvatn, henta på 70 meters djupne i Stokksundet. Etter 3-4 månader under tak, er laksen klar for utsetjing i vanlege merdar i sjøen og skal veksa vidare der, skriv Stordnytt.no.

Dagleg leiar i Erko Settefisk, Rune Sandvik, opplyser til stordnytt.no at arbeidet går jamt etter planen og råbygget byrjar bli ferdig. Installasjonar av utstyr står for tur og  går ting etter programmet  er det god voner om å kunna sleppa første smolten i gullande reint  sjøvatnbasseng  etter ferien.

– Her er mykje nytt og det blir ein del testing av teknologien før me kan seia «go» for fullt.  Ikkje minst viktig er  reinsinga av  sjøvatnet  både inn og ut, så mykje ut blir det rett nok ikkje av di det er lagt opp til resirkulering  for å halda best mogleg kontroll på temperatur og vasskvalitet. Dette for  å gje laksen dei beste og trygge oppvekstvilkår, seier Sandvik.