Skal lage luseskjold til nesten 100 laksemerdar

Nyheter
582

– Det er sterkt fokus på ikkje-medikamentelle lusetiltak i oppdrettsbransjen, fortel Kenneth Brandal, marknadssjef i Plany. – No har vi fått inn ei bestilling frå Marine Harvest region Vest på nesten 100 doble luseskjold, noko som er svært positivt.

Kenneth Brandal, marknadssjef i Plany. Foto: Olav Thokle

Hindrar lusepåslag
Luseskjolda frå Plany vert monterte rundt laksemerdane. Skjolda hindrar lusepåslag på laksen, ved at larvane til lakselusa ikkje kjem seg inn til fisken. Dette har vist seg å vere eit effektivt førebyggjande tiltak i kampen mot lakselusa. Fisken får vesentleg mindre lus, og behovet for behandling vert difor også redusert.

– Marine Harvest er ein viktig kunde for Plany, fortel Brandal. – Vi har eit godt samarbeid, der vi får gode og tydelege tilbakemeldingar, noko som igjen gjer oss i stand til å skape lønsame løysingar for kunden.

Luseskjolda som Marine Harvest no har kjøpt, «Plany Luseskjold DES», er den nyaste versjonen luseskjold. Dei er spesielt designa med tanke på slitestyrke og langvarig bruk. Det som skil denne typen frå andre, er materialvalet. Materialet tilfredsstiller krava til godkjent desinfisering, noko som er avgjerande når skjolda skal brukast over tid, på fleire lokasjonar og fleire generasjonar fisk.

Milepæl
– Dette er ein ny milepæl for bedrifta, seier administrerande direktør i Plany Gunnar Larsen. Plany har hatt ei svært god utvikling dei seinare åra, særleg inn mot oppdrettsnæringa. Slike ordrar legg eit godt grunnlag for den vidare veksten vi planlegg framover, der vi også vil kome til å trenge fleire tilsette.

Plany har 17 tilsette og held til i Gursken i Sande kommune på Sunnmøre. Bedrifta skapar lønsame løysingar til havbruk, landbruk og maritim industri, både i Noreg og internasjonalt.