Sikrar forskingsmateriale i biobank

Nyheter
0

Måløy Marine Ressurssenter organiserer det mobile laboratoriet på fôrflåten til Nordfjord Forsøksstasjon. Forskingsmateriale blir så flytta til verksemda sin nye biobank på Raudeberg.

– Kombinasjonen mellom biobanken i brakka her og den sentrale eininga i hovudbiobanken på Raudeberg, gjer dette laboratoriet spesielt. Det er eit pilotprosjekt der vi tilbyr et feltlaboratorium som effektiviserer og aukar kvaliteten på FoU-arbeid på oppdrettslokasjonar. I tillegg tilbyr vi langtidslagring av biologisk materiale og på den måten sikrar kundane eigarskap til framtidige forskingsprosjekt, seier Renate R. Bøe, forskar ved Måløy Marine Ressurssenter (MMR).

Les også: Forsking på fôr del av berekraftsatsing

Ho og forskarkollegaene Julie T. Kvalheim og Marharyta Kryva representerte MMR då Eide Fjordbruk-eigde Nordfjord Forsøksstasjon opna det nye laboratoriet på Isane tysdag denne veka.

I korte trekk handlar prosjektet om at anlegget sidan 2011 har gjennomført Forskings- og utviklingsprosjekt (FoU) på nye fôrtypar for oppdrett. I desember i fjor kjøpte Eide Fjordbruk opp verksemda Norsk Marin Fisk som driv anlegget på Isane og to andre i same fjordsystem. Dei nye eigarane satsar no store ressursar på nytt utstyr og auka forskingsaktivitet.

Mobil lab: MMR Aqualab er i praksis ein kontainer utstyrt med det som trengs for å forske på nye fôrtypar. Framsteget er betre arbeidstilhøve for forskarane og betre kvalitet på forskingsmaterialet som følgje av at det er kort veg til merdane.

Lokal kompetanse
I den samanhengen er det oppretta samarbeid med lokale MMR, ei forholdsvis nystarta verksemd med base i Måløy. Forskarane har høgare utdanning innan marinbiologi og akvakultur, og to av dei har nytta høvet til å flytte tilbake til heimstaden i samband med at ein jobbar med å etablere eit forskingsmiljø for marine næringar.

1300 tonn: Norsk Marin Fisk har 1300 tonn MTB som grunnlag for forskinga på nye fôrtypar i Nordfjorden. Her er forskingsmaterialet i ein av merdane på Isane.

Det er MMR som har ansvaret for laboratoriet på Isane. Heco laboratorieutstyr har levert den mobile laben. Den lokale IT-verksemda Local Host, som vi kjenner best frå etableringa av datasenteret i den tidlegare olivingruva Lefdal Gruve, har ansvaret for datalagringsdelen. Materialet blir frose ned til minus 90 grader i biobanken. Fryseprogramvaren er levert av Brooks Life science. Elles er Innovasjon Norge og Sparebanken Vest involvert i finansieringa av prosjektet, saman med kommunar i Nordfjord.

Anlegget: Slik ser fôrflåten til anlegget til Nordfjord Forsøksstasjon på Isane ut frå landsida. Den nye akvalaben ligg i den blå brakka til høgre. Dei ti merdane ligg i forkant. Anlegget ligg eit par hundre meter frå land, like ved ferjekaia på Isane.

Materiale tilgjengelig for andre
– Det som er bra med dette prosjektet, er at vi sikrar at materiale og forskingsresultat blir tilgjengelig for verksemder. På den måten kan for eksempel bedrifter her i regionen gjennom forskings- og utviklingsprosjekt vere med på utvikling av nye berekraftige fôrtypar, som igjen kan føre til vekst i næringa, seier Kvalheim.

Hovudbiobanken er lokalisert til Maritim Park på Raudeberg nord for Måløy. MMR skal vere ansvarlig for laboratoriet på Isane, og ha ansvar for logistikken med frakt og lagring av materiale.

– Vi skal jobbe vidare med dette pilotprosjektet i samarbeid med Nordfjord Forsøksstasjon. Det er krevjande å etablere eit marint forskingsmiljø i Måløy, så vi er glad for at ei lokal verksemd som Nordfjord Forsøksstasjon vil vere med på å utvikle tilbodet. Det er spanande marine næring i området vårt, mellom anna innan akvakultur. Vi er no i ein fase der vi jobbar med å skalere opp aktiviteten, seier Bøe.

Driftar anlegget: Det er kontrollrom på fôrflåten ved sidan av akvalaben. Frå venstre Erlend Eide, Gunnar Wik Djønne og Harry Stenslid har kontroll på fisken via dataskjermar.