Sikrar betre beredskap mot rømming

Nyheter
439

Prosjektet har vore under planlegging ein periode, og no er det kome så langt at dei har klar ei liste over fiskebåtar som ønskjer å slutte seg til.

Det heile handla i korte trekk om å få til eit samarbeid med oppdrettsselskap i regionen og med lokale fiskebåtar som kan rykke ut på kort varsel dersom det skjer ei rømming. I tillegg samarbeida dei med Værlandet Fiskereiskap for å utvikle effektive fangstreiskapar.

Alle oppdrettsselskap har i utgangspunktet utstyr for gjenfangst, men i regi av dette prosjektet vil ein også få på plass eit system med deponering av utstyr i strategisk plasserte depot.

– Det igjen står nokre detaljar før igangsetting, men vi er einige om at dette er eit prosjekt vi skal etablere, seier Øyvind Kråkås.

Sogn og Sunnfjord

Oppdrettsselskapa som deltek i prosjektet er lokalisert i området frå Førdefjorden til Sognefjorden, og ved hjelp av eit samarbeid med lokale fiskarlag har dei også klart å rekruttere fiskebåtar frå heile regionen som kan vere i rømmingsberedskap.

– Den endelege avtalen er ikkje signert enno, men vi snakkar om båtar av ulik storleik, med ulike drift, slik at ein unngår at alle på lista er indisponerte i same periode, seier Kråkås.

Lokalt initiativ
Kråkås framhevar at tiltaket blir etablert med utgangspunkt i eit regionalt initiativ. Einskildbedrifter har samarbeida med lokale fiskarar tidlegare, men denne gongen deltek dei lokale fiskarlaga i rekruttering av fiskebåtar.

Totalt er det sju oppdrettsselskap som deltek i prosjektet. I tillegg er Fiskarlaget i Askvoll og Fiskarlaget i Solund engasjert, men kor mange båtar som skal delta vil ikkje Kråkås sei noko om før dei endelege kontraktane er signerte.

– Det eg kan sei er at Fiskarlaga har vist eit stort engasjement for å få dette til, seier informasjonssjefen i Salmon Group.

Nina sine herjingar påverka

Initiativet bak etableringa av eit profesjonelt beredskapssamarbeid kom etter at orkanen «Nina» herja lenger sør på Vestlandet i fjor på denne tid. «Nina» medførte ikkje rømming i Sogn og Fjordane, men områda i Hordaland vart hardt ramma, og erfaring tilseier at det kan komme fleire slike stormar.