Bauta Fishfarms har signert kontrakt på bygging av første lukka merd av designet VARIG. Kunden er OceanDock, som leiger merda ut til oppdrettaren Prophylaxia.
I mars i år lanserte selskapet den lukka merda, som er designa i stål og skal byggast i Møre og Romsdal. No er fyste kontrakt signert gjennom ein forretningsmodell som tar ned investeringskosten for oppdrettarane.
Eit trespann med Bauta Group, Rofisk og Prophylaxia går saman og startar selskapet OceanDock som skal eige og leie ut lukka merder. Alle tre er frå før av medeigarar i Bauta Fishfarms og har fleire rollar i verdikjeda.
Samarbeid
– Det har vore viktig for oss å gå inn i dette som likeverdige partnarar for å realisere det vi meiner er framtida for norsk havbruk. Her skal vi i tett samarbeid bygge opp eit nytt industrieventyr. I gruppa så har ei ein unik kompetanse på stålbygging, handtering av levande fisk og lukka oppdrett som gjer at vi har steintrua på at dette skal lukkast, seier styreleiar og Bauta-gründer John Arve Sundet i ei pressemelding.

Forretningsmodellen minnar om eit reiarlag, der ein leier ut merder til oppdrettarar for å ta ned investeringskostnaden, som for lukka teknologi er høgare enn for open drift.
– Vi i Rofisk vil vere med å utvikle havbruksnæringa vidare. Denne satsinga er eit døme på korleis norskeigde bedrifter går i lag og bygger arbeidsplassar og samfunn med nye investeringar. Vi trur mange i havbruksnæringa kan få stor glede av det produktet vi nå har fått utvikla, seier Glen Bradley, styreleiar i Rofisk.
På pilotprosjektet er det Prophylaxia sjølv som er kunden. Dei har frå før av god erfaring med lukka produksjon av postsmolt og meiner dette er vegen framover.
Effektiv
– Vår erfaring med postsmolt i lukka teknologi både på land og i sjø viser oss at dette er ein ekstremt effektiv produksjonsmåte i kombinasjon med open merddrift. Drift i lukka merder kortar ned tida i sjøen laksen er eksponert mot lakselus og gir laksen optimale vekstforhald og god fiskevelferd gjennom heile produksjonen. Vi har over tid vore med i Bauta Fishfarms og utviklinga av designet til der vi er no, då er det naturleg for oss å vere fyst ute med å sette det i drift, seier Øyvind Våge i Prophylaxia.

Kontrakta inneber også ein opsjon på levering av ytterlegare ti merder. Bauta Fishfarms har eit robust apparat i ryggen og kan levere 30 lukka merder i året. Pilotprosjektet skal settast i drift i 2026.
Dagleg leiar i Bauta Fishfarms, Gjermund Kvernmo Langset har stor tru på framtida:
– Havbruksmeldinga set ei tydeleg retning for framtidig utvikling i havbruksnæringa, det må alle ta inn over seg. Og så må teknologi som kan levere på det som blir etterspurt gjerast tilgjengeleg for oppdrettarane på ein god måte. Det gjer vi no gjennom dette samarbeidet, vi gler oss til å kome i gong.