Vestland fylkeskommune skal dela ut midlane til å styrke arbeidet mot lakselus og betre vilkåra for villaks og sjøaure.
Målet er at oppdrettsnæringa i fylket skal gå frå raud til grøn sone i trafikklyssystemet for oppdrett, og dermed kunne auke matproduksjon og verdiskaping framover. Det skriv fylkeskommunen i ein nyhendemelding.
– Lakselus er ein av hovudtruslane mot villfisk. Mange ulike tiltak er sett i verk for å redusera lusepåverknad på villfisken, utan at ein har tilstrekkjeleg kunnskap om kva som er dei beste løysingane. No må vi finne dei løysingane som faktisk verkar, seier Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval næring i Vestland fylkeskommune, i meldinga frå fylkeskommunen.
Vil i grønt
I dag er Vestland i raud sone i trafikklyssystemet, noko som fører til redusert produksjon i oppdrettsanlegga. Trafikklyssystemet kan på sikt bli erstatta, då regjeringa i Havbruksmeldingen tek til orde for å heller innføra kvotar for luseutslepp. Kvotane baserer seg likevel på det som svarer til grønt lys i dagens trafikklyssystem (under ti prosent dødelegheit på villaks i eit område) – og som gir høve til å auka produksjonen.
Vestland fylkeskommune ønskjer å bidra til å snu utviklinga med meir kunnskap og treffsikre tiltak. Det er henta inn innspel frå næring, forvaltning og kunnskapsmiljø, og fylket har fått ei rekkje tilbakemeldingar. No får forskingsmiljø og næringsaktørar høve til å søkje om støtte til prosjekt som skal bidra til at havbruksnæringa i Vestland skal kunne auke produksjonen framover.
Dette skal midlane gå til
Midlane skal gå til forskings- og utviklingsprosjekt som:
- Reduserer mengden lakselus i oppdrettsanlegg
- Evaluerer tekniske løysingar og førebyggjande tiltak
- Undersøkjer kvifor laks og sjøaurebestandane går ned
- Legg til rette for samarbeid mellom næring, forsking og forvaltning. Prosjekta må vere i samarbeid mellom oppdrettsnæringa og forskingsmiljø, og resultata skal kome heile næringa til gode.
– Trass i mange nye tiltak dei siste åra, manglar vi framleis oversikt over kva som faktisk har best effekt. Fylkeskommunen vil derfor støtte prosjekt som evaluerer eksisterande førebyggjande tiltak, og prosjekt som testar ut nye tekniske løysingar mot lakselus, seier Handegard.
Fylkeskommunen vil óg arrangere møteplassar der forskarar, oppdrettarar, forvaltning og elveeigarar kan utveksle erfaringar og innsikt. Alle tiltaka skal evaluerast i 2026 for å finne ut om dei har hatt effekt.