Sauebonde og sjef i EWOS

Nyheter
584
– Kom då, kom då!

Anne Merete Fjeldstad (47) småspring mot jordet. Framføre henne spring ein flokk med sauer, og bak henne kjem sistemann haltande etter. Når den siste sauen er framme, lukkar ho grinda, og tek nokre skritt utpå graset. I handa har ho ein kvit plastikkboks med noko godt i, som ho viftar mot dyra. Sauene spring mot henne frå alle kantar. – Eg hadde faktisk aldri teke i ein sau før eg flytta hit, seier Fjeldstad til Tysnesbladet.

For sjølv om det virkar sånn, er ikkje Fjeldstad fødd sauebonde frå Tysnes. Fram til ho var 40 år, for berre sju år sidan, levde ho eit ganske vanleg byliv i Sandnes. Ho var spesialpedagog ved Aspervika skule, mor til tre, og mannen Einar Wathne pendla til jobben i Ewos i Bergen.

– Eg har alltid feriert her, og tenkte ofte på å bu på Tysnes. Samstundes ynskte Einar seg eit småbruk. Ein dag blei småbruket der mormor vaks opp på Malkenes, lagt ut for sal. Då fall liksom brikkane på plass, fortel ho.

Trebornsmora tok likegodt med seg mann og born og flytta til gudeøya.

– Det var kanskje ein slags 40-årskrise. På Tysnes føler eg at eg lever livet på ny, seier ho.

For heile artikkelen i Tysnesbladet, les HER