Sandsøy Servicebåt bestiller ny katamaran frå Norse Shipbuilding

Nyheter
1073

Det blir den andre båten verftet leverer til ulsteinvikselskapet.

Båten har hovedmåla 15 x 12 meter, og vil vere fullt utrusta for slep og ankerhandtering. Selskapet har i dag fire servicebåtar, herav ein hurtiggåande dykkebåt. Service til havbruksnæringa er hovedaktiviteten, men selskapet leverer også tenester til andre bedrifter med maritim tilknytning.

«Som følgje av aukande etterspørsel av tenester, har vi kontrahert ein båt spesielt med tanke på å styrke kapasiteten på ankerhandtering og notskifte. Det er gledeleg at Sparebank 1 Søre Sunnmøre har tru på satsinga vår og gjer dette mulig,» skriv Sandsøy Servicebåt i ei pressemelding.

Sjølv om båten blir bygd i Tyrkia, så er mykje av utstyret frå norske leverandørar. Båten får generator og framdriftsanlegg frå Nogva, 2 x 500 hestekrefter Scania DI 13 M, med vribart propellanlegg. Generator blir ein John Deere på 32 kilowatt. To stykk thrusterar på 120 hestekreftar er levert frå PMH. Dekksutrustning og kraner blir levert frå ODM Haugesund. Dekksutrustning vil bestå av platelås, tauepinnar, haikjeft, og kombinert slepe og ankervinsj på 40 tonn. Vidare ein hjelpevinsj på sju tonn, samt tre capstans på tre tonn.

Båten får to kraner, begge med hydraulisk rekkevidde på 20,6 meter. Hovedkran løfter 3,2 tonn på full lengde, og «skulderkran» løfter eitt tonn på full lengde.

Utover dette har båten plass til eit mannskap på seks fordelt på tre lugarar. Det vert installert batteripakke for å unngå bruk av generator om natta.

Båten er planlagt levert i desember 2019, og vil då vere tilgjengeleg for våre eksisterande avtalekundar. Den vil samtidig gje ein kapasitetsauke og selskapet vil derfor vere tilgjengelig for nye kundar.