Samarbeider med lokal representant for utvikling av oppdrett i Frankrike  

Nyheter
0

Bremanger-selskapet Smart Salmon samarbeider med den Frankrike-baserte oppdrettaren Arild Lokøy i samband med utviklinga av landbasert oppdrettsanlegg utanfor Guingamp. 

Ifølgje adm. dir. Petter Bakke i Smart Salmon Group er Lokøy ein nordmann som driv oppdrett av ørret i Frankrike. Kontakten mellom partane har oppstått i oppdrettsmiljøet.  

– Lokøy har base i Frankrike og kjenner systemet der. Han tek seg av kontakten med myndigheiter og andre involverte der nede. Han har også ein 20 prosent eigardel i Smart Salmon France, eit av selskapa i Smart Salmon Group, seier Bakke. 

Les også: Meiner Aqua Maof-teknologien er effektiv og reduserer risiko

Opsjon på tomt 
Smart Salmon har etablert ein organisasjon med seks-sju tilsette, der Lokøy er ein av dei i stillinga som prosjektutviklar i Frankrike. 

Selskapet har opsjon på ei tomt i nærleiken av Guingamp. Ifølgje Bakke er førebels ikkje opsjonen innløyst. 

– Vi planlegg å etablere satsinga i Frankrike basert på erfaringane i Norge. Det kan bli oppstart på prosjektering i Frankrike i løpet hausten 2022, trur Bakke. 

– Grunnen til at vi planlegg satsing i Frankrike er at vi kjem nærmare marknaden. Frankrike er blant dei største eksportlanda for norsk laks. I Frankrike tenkjer vi landbasert matfiskanlegg, slakt og vidareforedling slik at fisken blir klar for butikk, seier Bakke.  

– Konsesjonen vi søkjer om i Frankrike er for produksjon av 10.000 tonn biomasse årleg. 

Ifølgje Bakke blir anlegget i Frankrike ei sjølvstendig eining, som også klekker ut eigen yngel. Det er ikkje snakk om flytting av fisk mellom anlegga i Norge og Frankrike. 

Les også: Smart Salmon-sjefen meiner satsing til 350 mill. vil gje gode marginar

Administrasjon på seks
Etter at planane om Smart Salmon første gong vart lansert i 2015 og ein har vore gjennom prosjektfasen, byrjar prosjektet no å nærme seg realisering. Ein har etablert administrasjon, og planlegg byggestart i Smørhamn etter sommarferien. 

Leiar forretningsutvikling: Ole Bakke eig 13 prosent av Smart Salmon Group gjennom selskapet High Peak, og er også tilsett som sjef for forretningsutvikling og innovasjon. FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

Administrasjonen i Smart Salmon er i tillegg til Lokøy i Frankrike, Petter Bakke sjølv som administrerande direktør og broren Ole Bakke som leiar for forretningsutvikling og innovasjon. Dei har kontoradresse Sjøgata på Nordfjordeid der dei flytta inn i nye lokale i februar i år. Når anlegget i Smørhamn står ferdig, vil hovudbasen blir flytta dit. 

Dei har vidare knytt til seg Ole-Alexander Palm som finansdirektør og Christiane Hamnes som profilansvarleg, begge innleigd frå bergensselskapet Seafood People.  

Vidare er Kjell Rune Hoff frå selskapet Segel på Nordfjordeid og Alf Kåre Askeland, sjølvstendig næringsdrivande ingeniør og økonom med base på Endal utanfor Davik, engasjert som prosjektleiarar.  

Tidlegare ferjeleie: Det er i dette industriområdet i Smørhamn, i nærleiken av Kalvåg, Smart Salmon planlegg storsmoltanlegg. Bygget blir liggande til venstre i biletet. Ferja til Svelgen gjekk herifrå før det vart landfast med tunnel under Skatestraumen og sambandet vart nedlagt. FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD