Salmon Group forlengar med Ullevålseter

Nyheter
505

Frå 1. april 2014 har Salmon Group, nettverk for lokaleigde lakseprodusentar, hatt eit samarbeid med den meritterte motorsykkelstjerna. Avtalen har levert alt frå felles profilering til motivasjonsføredrag og teknisk kunnskapsdeling, skriv Salmon Group på si Facebook-side.

-Pål Anders er ein gründertype, til liks med våre eigarar. Og han står i spissen for eit team der alt må fungere for å oppnå gode nok resultat. Det vil seie at når problem oppstår, må ein vere trena til å takle dei og gå vidare. Der har vi mykje å lære av han, seier Kråkås.

Salmon Group meiner det første samarbeidsåret har lagt grunnlaget for ei sterk fellesskapskjensle.

Pål Anders Ulevålseter 4-Det å vere på lag med ein som har levert resultat over lang tid, bidrege og til ein vinnarkultur. Folk som har delteke på samlingar der Pål Anders har helde innlegg, er stolte av samarbeidet. Dei får fornya interesse for sporten han utøver, samstundes som dei stiller ikledde Ullevålseter-kolleksjonen på jobb, bratte i nakken. Han er ein vanleg fyr, men uvanleg innstilt på å prestere. Det løftar oss litt alle saman.

Salmon Group representerer 46 selskap rundt om i heile distrikts-Noreg. Vanlegvis går sponsormidlane til trivselstiltak rundt om i desse samfunna, men med Ullevålseter-avtalen har nettverket gjort eit unntak.

-Vi kom i kontakt med Pål Anders gjennom motorsport-miljøet i Flora, og blei først og fremst gripne av hans personlege engasjement. Han er ein samfunnsbyggar, som oss. Dernest ynskte vi å nå fram med våre verdiar i eit miljø som vanlegvis ikkje er so opptekne av kysten og laksenæringa. Og lærdomen er at laksebønder og motorsport-folket har meir til felles en mange ville tru.