Det har lenge vore eit argument for kritikarane av merdbasert oppdrett at risikoen for miljøet er nærast null i eit lukka, landbasert anlegg, og at ein difor bør trumfe laksenæringa over i denne forma. Men når staten no skal vurdere kva regelverk som skal gjelde, er ingenting like sikkert lenger.
Staten tek inn skatt for å sikre utjamning mellom innbyggjarane, og for å drifte kollektive løysingar og behov. I tillegg tek staten betalt for ulemper ein påfører samfunnet. Det siste punktet er ofte omstridd, fordi pengane ikkje vert nytta til å dekke ulempene, eller fordi omfanget av ulempene er diskutabelt. Piggdekkavgift og rushtidsavgift er døme på denne typen reguleringar.
I lakseproduksjonen betalar ein gebyr for nytt volum (MTB), avgifter for å dekke tilsyn, eigedomsskatt på land og sjø, selskapsskatt og sjølvsagt alle former for personskatt (ikkje minst formueskatt). I tillegg er den friviljuge avgifta for å dekke uttak av rømd fisk i ferd med å bli påboden, og ein utgreier korleis ein kan ta seg betalt for kvar fisk som blir produsert, fordi den har nytta vårt felles hav til å vekse i (feilaktig omtala som arealavgift).
So ser ein at argumentet kjem at også produksjon av større fisk på land bør skattleggast meir enn annan produksjon av varer. Fordi ein nyttar landareal (som ein betalar eigedomsskatt for), straum (som ein betalar for både i tilknyting, linjeleige og forbruk) og miljørisiko (som visstnok ikkje er so liten at ein kan unngå å ta betalt for han).
Kva står dei so att med, dei som ynskjer å satse på lukka anlegg på land? Store investeringar i tomt og anlegg. Risiko med ny teknologi. Ekstra driftskostander. Usikker miljøgevinst. Og tunge avgifter fordi ein skal demme opp for storsamfunnet sin risiko. Her er det vanskeleg å konkludere med at staten satsar på teknologiutvikling.
Min konklusjon er at staten sin innebygde iver etter å skaffe seg nye inntekter er større enn viljen til utvikling. Utvikling av næring, utvikling av produksjon, utvikling av teknologi. Kvar gong ein prøver å få til noko nytt, møtest ein av ei overmannande byrde av moglege ulemper som ein kan vere i ferd med å påføre samfunnet.
Mange har irritert seg over enkelte flyselskap og andre tenesteytarar sitt system med å skilje ut betalinga for kvar minste detalj. Med staten er det enklare. Der tek ein seg betalt mange gonger for det same. Men du kan aldri vere sikker på å ha betalt nok. So neste gang du får ein god idè; tenk på at ulempene du påfører samfunnet må utgreiast. Der kjem snart ei idèavgift, for å dekke den byrden.