Salmon Blog: Ein tryggare arbeidsdag

Meninger
596

Det har aldri vore so lett som no å livnære seg på kysten. Sjølvberging og kombinasjonsbruk var knallhardt arbeid og stor risiko. Risiko for inntektssvikt og svolt, risiko for tap av liv og helse. Fiskeriet var hasardiøst og ga usikker avkastning. Jordbruket var marginalt og arbeidskrevjande.

Folk flytta frå distrikta fordi tilgangen på lokale ressursar var knapp og avgjerande. Berre eit visst tal hender og hovud kunne sysselsetjast i fiskeri, jordbruk og tenesteyting. Skipsfart var leveveg for mange,  men baud på lange fråvær frå heim og familie.

Fiskeoppdrett kom som noko so sjeldan og sensasjonelt som ei ny primærnæring. Ho vart skapt i distrikta, for distrikta. Arbeidet på dei første oppdrettanlegga var fysisk hardt og utfordrande. Men det var likevel tryggare enn fiskeri frå små båtar på opent hav. Og ikkje minst, ein unngjekk dei lange sesongane borte frå familien.

Men dagane var lange og vekene gjekk over i kvarandre. Som kona til ein av dei tidlege oppdrettarane sa til meg; at kontoret var i stova heime, sikra oss litt tid saman. Det å få drive med fiskeoppdrett ga sjansar som ikkje hadde vore der tidlegare. Men det kravde mykje av dei som skulle lukkast. Og sjølv om du gjorde alt du kunne og det meste rett, kunne naturen falle over deg og gjere ende på verksemda.

– Oppdrett har gått frå å vere handverk til å krevje operatørar, var det ein røktar som sa. Frå å vere fysisk innsats og sjømannskap, har ein i dag automatisert betydeleg. Ein fôrar fisken med datateknologi og kameraovervaking, ein har avanserte arbeidsbåtar og elektronisk rapportering. Likevel er fiskeoppdrett framleis eit yrkesliv med havet som premissleverandør.

Vi har i dag eit omfattande og spesialisert regelverk for korleis arbeidet på oppdrettsanlegga skal innrettast. Likevel må vi jobbe kvar dag for å gjere jobben på sjø, slakteri og transport enno tryggare. Vi har ansvaret for ei av landet sine viktigaste næringar. Men vi har og ansvaret for kvarandre. Alle har rett på ein arbeidskvardag der risiko er vurdert og minimert. Alle skal kome trygt heim.

Bruk nokre minutt 1. mai til å tenkje på korleis du kan gjere arbeidsplassen din tryggare for deg og dine medarbeidarar.