Larsnes Mek. Verksted må takke nei til oppdrag.
– Ja, det ser bra ut. Vi vert stadig kontakta av reiarar som vil byggje båtar hos oss, seier Jarle Gunnarstein til Nett.no.
Han er verftsdirektør ved Larsnes Mek. Verksted på Sunnmøre.
Pågangen ved Larsnes er så stor at dei må seie nei til oppdrag.
I fjor kom omsetninga ved verftet opp i knapt ein halv milliard kroner, og resultatet før skatt enda på 18,8 millionar.
Brønnbåtreiarlaget Rostein er hovudaksjonær ved verftet, med 68,75 prosent av aksjane, og har brukt verftet for bygging av sin nye brønnbåtflåte.
– Slik det ser ut til no, har vi fylt ordreboka med nybygg fram til våren/sommaren 2020, seier Gunnarstein.