Rostein har slutta med hydrogenperoksid

Nyheter
2340

Brønnbåtselskapet satsar heller på lunka vatn.

Fiskeriminister Harald Tom Nesvik (FrP) vil legge ned forbod mot utslepp av lusemidler nær oppdrettsanlegg. Det er uproblematisk for Rostein.

– Det rører ikkje oss lenger. Vi har bygd ut flåta og rulla ut miljøteknologi, seier styreleiar Glen Bradley til Nordre.

I 2017 var det berre 1,01 prosent av behandlingane til selskapet som var med hydrogenperoksid, ifølgje Bradley. 98,99 prosent var med ny teknologi, utsleppsfrie løysingar.- Vi har gått gjennom eit teknologiskifte. Så ja, vi har vel kanskje eitt eller to farty som kanskje fortsatt har den type utstyr ombord til å gjere behandlinga, men det veljast ikkje av kundane lenger. Ikkje av våre i alle fall. Vi har tatt det vekk frå meir eller mindre alle farty, seier Bradley.

Rostein si flåte består av 14 brønnbåtar.

– Heile oppdrettsnæringa har gått over til miljøvenlege tenester etter kvart som det har blitt tilgjengeleg. Og det er ganske openbart at sjølv om det er ein diskusjon om realitetane rundt hydrogenperoksid, så er det ein klok strategi av oss å unngå å ta den diskusjonen, og heller legge opp til å tilby løysingar som ikkje har den typen spørsmål rundt seg.

I dag nyttar Rostein lunkavatn som fisken går gjennom i 23-24 sekund. Lusa får sjokk og ramlar av. Så vert lusa samla opp i eit oppsamlingssystem.