Rømt oppdrettslaks av ukjent opphav i to regioner

Nyheter
1116

Fiskeridirektoratet følgjer opp vassdrag i Ytre Sogn og Sunnfjord og på Sør-Vestlandet etter å ha motteke fleire rapportar om fangst av rømt oppdrettslaks. I begge regionene dreier det seg om rømt fisk med ukjent opphav.

Fiskeridirektoratet har fått meldingar om fangstar av rømt oppdrettsfisk i Åna-Sira, Kvina og Sokna i storleiken 1-2 kilo. Fiskeridirektoratet har bede dei aktuelle oppdrettsselskapa i området om å sjekke sine anlegg. Ingen av desse melder om avvik som kan vere knytt til rømming, melder Fiskeridirektoratet.

Fiskeridirektoratet har også her motteke tips om fangst og observasjonar av rømt oppdrettslaks. Fisken er i storleiken 3-5 kilo. Fangstane er tekne i Vadheimsfjorden, Høyangsfjorden og Sula, samt i vassdraga Gaula, Nausta og Jølstra.

Heller ikkje her kan Fiskeridirektoratet knyte førekomstane til noka rapportert hending. Aktuelle aktørar har blitt bedne om å sjekke anlegga sine også her. 

På bakgrunn av meldingane om fangst og observasjonar av rømt oppdrettslaks vil Fiskeridirektoratet sørge for oppfølging av vassdrag i begge regionene. Arbeidet vil starte så snart tilhøva ligg til rette for det. 

Fiskeridirektoratet ber publikum om å fortsetje å melde frå om fangst av rømt fisk.