Rekord i laksefrakt

Nyheter
922

– Vi frakta 580.075 kilo laks på ein kjøl. Det er ny verdsrekord, seier adm. dir Harry Bøe i Norsk Fisketransport til Nett.no.

Rekorden vart sett med brønnbåten Havtrans, som tidlegare heitte Stormy. No vil selskapet ha fleire slike båtar.

– Planen er å byggje ein ny båt etter same lest som brønnbåten Stormy. Vi er kjempefornøgd med båten og dei tekniske løysingane.

Stormy har ein lastekapasitet på på 3200 kubikkmeter og vart rekna som eit flaggskip i brønnbåtmarknaden. Men det starta dårleg med mykje død laks på dei første turane.

Tank- og rørsystemet fungerte dårleg, det måtte gjerast omfattande endringar og Havyard måtte ta store tap.

Harry Bøe seier at båten no fungerer godt. Så fornøgd er han at selskapet planlegg å bestille ein båt til som er bygt etter same lesten.

– Vi meiner vi kan klare 650 tonn med ein slik båt. I tillegg kan vi ha ei fart med rundt 14,5 knop lasta. Begge deler er viktig.