Regnbogeaure på rømmen etter pigghå-angrep

Nyheter
1177

Rømming troleg forårsaka av pigghå-angrep på notveggen.

Osland Stamfisk meldte 23. oktober om rømming frå lokaliteten Søreide i Høyanger kommune i Vestland. Det dreier seg om ei rekkje hol i not, sannsynlegvis forårsaka av pigghå, melder Fiskeridirektoratet.

Selskapet driv gjenfangst i området rundt anlegget, og har per 26. oktober gjenfanga 421 regnbogeaure. Omfanget av rømminga er ikkje avklart. Fisken som har rømt har ei snittvekt på i overkant av fire kilo.

Fiskeridirektoratet vil følgje opp med inspeksjon på lokaliteten.