Veterinærinstituttet har berekna prosentvis dødelegheit for oppdrettslaks i sjøfasen etter tre kvartal av 2025 til 10,7 prosent. Til samanlikning var talet for same periode i 2024 berekna til 12,2 prosent. Den akkumulerte årlege dødelegheita i 2024 enda på 15,4 prosent.
Sjølv om prosentvis dødelegheit (dødelegheitsrisiko) berekna for oppdrettslaks i sjøfasen ligg noko lågare enn på same tidspunkt i fjor, er tala hefta med uvisse. Det kan mellom anna komme etterregistreringar frå oppdrettarar over ein periode på inntil seks månader. Mykje fisk er òg registrert i tapskategorien «anna», som ikkje inngår i berekninga av dødelegheit.
– Etter ein sommar med høge sjøtemperaturar og mykje lakselus kunne ein frykta at tala hadde lege høgare. Lusenivåa er likevel framleis høge i enkelte område og det går føre seg etterregistreringar. Derfor er for tidleg å gi ei klar vurdering av situasjonen, seier avdelingsdirektør for fiskehelse og fiskevelferd Ingunn Sommerset i ei pressemelding.
Regionalt har dødelegheita så langt i år vore høgast i produksjonsområde 9 (Vestfjorden og Vesterålen), 4 (Sotra til Stadt) og 5 (Stadt til Hustavika). Produksjonsområde 9 hadde ein periode med høg utgang av fisk i mai og juni, noko som fell saman med oppblomstring av giftige algar og ILA-påvisingar.
I Fiskehelserapporten som blir lagt fram i mars kvart år, har Veterinærinstituttet offentligjort berekna årleg dødelegheit og dødelegheit berekna for avslutta produksjonssyklusar av laks og regnbogeaure i sjøfasen.
For å bidra til auka openheit og meir tilgjengeleg kunnskap har Veterinærinstituttet vidareutvikla nettapplikasjonen «Laksetap». Denne viser dødelegheit berekna månadleg, kumulativt gjennom året og per produksjonssyklus. Alt blir kvartalsvis oppdatert.
Nedlastingar av datasetta frå Laksetap-appen er under vilkår beskrivne i Norsk lisens for offentleg data (NLOD) 2.0 og det er òg tilgjengeleggjort eit API for programmatisk tilgang.
Veterinærinstituttet nyttar data som oppdrettarane månadleg rapporterer inn til Fiskeridirektoratet. Berekningsmetoden som viser prosentvis dødelegheit tek omsyn til at mengd fisk i sjøen varierer over tid og gir eit dødelegheitstal som er godt eigna som velferdsindikator.






