Rådgivende Biologer skal drive overvaking og utfisking i Hardanger

Nyheter
720

I samband med pålegg frå Fiskeridirektoratet datert 24. juni om utvida gjenfangst og overvaking av rømt laks i Hardanger, har Lingalaks no engasjert Rådgivende biologer til å planlegge og gjennomføre nødvendige tiltak.

Det melder Fiskeridirektoratet.

– Etter at Lingalaks hadde ei lakserøming frå sin lokalitet Bergadalen ved Varaldsøy er selskapet pålagt å overvake 19 elver fram mot gytetida for villaks. Dersom det blir observert rømt fisk skal selskapet sette i verk utfisking fortløpande, seier fungerande seksjonssjef Hanne Marie Utvær i Fiskeridirektoratet region Vest.

Skal sikre uttak av oppdrettslaks i vassdraga

Elvene som inngår er Austrepollelva, Bondhuselva, Eidfjordvassdraget, Etneelva nedstraums fiskefella, Fjæraelva, Fosselva, Granvinsvassdraget, Guddalselva, Jondalselva, Kinso, Omvikedalselva, Osavassdraget, Rosendalselvane, Sima, Steindalselva, Strandadalselva, Uskedalselva, Æneselva og Øysteseelva.

Planlegginga av overvakinga er i gang, og dei første elvane som vil bli undersøkte er Eio og Steinsdalselva. Desse to elvene vert prioritert fordi det der har blitt både fanga og observert mykje oppdrettslaks.

Følgjer opp i løpet av juli

Overvakinga av vassdraga vil starte i løpet av juli, og arbeidet blir rapportert gjennom sommaren fram mot gytetida.

I dei elvene kor det føregår sportsfiske vil rapportering og skjelprøvelesing vere ein viktig del av overvakinga gjennom sommaren, medan elver utan sportsfiske vil bli følgt opp spesielt med andre metodar som til dømes drivteljing. Vert det oppdaga  rømt laks i desse elvene, vil uttak av denne fisken bli gjennomført.

Samarbeider tett

Arbeidet vil bli koordinert med andre aktivitetar i fjorden som genbankprosjektet, gytefiskteljingar eller anna uttaksfiske, og vil involvere både andre fagmiljø og villfiskinteresser.

Lingalaks er også pålagd å utarbeide ein rapport om gjenfangsten og utfiskinga i vassdraga. Denne rapporten vil bli offentliggjort.