– Prosjektet svarar på næringa sine utfordringar

Nyheter
2145

– Betre innsamling og bruk av data er nøkkelen til å få kontroll på noverande og framtidige trugsmål mot drifta, noko som er naudsynt for at næringa skal nå målet om vekst, seier assisterande dagleg leiar Sondre Eide i Eide Fjordbruk.

– Vårt prosjekt, som me har valt å kalla «Framsyn», svarar på denne utfordringa og fell klart innanfor ordninga med utviklingsløyve.

– Næringa vil driva med oppdrett i sjø i lang tid, og treng difor ny produksjonsteknologi og nytt utstyr som reduserer påverknaden frå omgjevnadane til fisken i merdane og vice versa. Eide Fjordbruk har difor framleis like stor tru på prosjektet, held Sondre Eide fram.

Utviklinga av sensorar, dataplattform og produksjonsteknisk utstyr er eit omfattande prosjekt, som ikkje let seg gjennomføra utan utviklingskonsesjonar.

Gjennom prosjektet «Framsyn» skal Eide og samarbeidspartnarane utvikla ein ny open dataplattform for oppdrettsnæringa som knyt saman nye sensorar, bøyesystem og andre datakjelder for å skaffe til vegs informasjon som ikkje er tilgjengeleg i dag.

Kanskje den viktigaste delen av prosjektet er å utvikla produksjonsteknisk utstyr på oppdrettslokalitetane som handlar autonomt basert på data frå sensorane og eksterne kjelder. Eide Fjordbruk vil til dømes utvikla autonome luseskjørt som blir regulert etter trusselnivå og fiskens levekår, nytt autonomt posisjonerbart fôringssystem, nytt system for avfallsoppsamling ved passering av terskelverdiar og autonom notheis. Felles for alle desse produksjonsmidla er at dei handlar før problema set inn, basert på dataplattformens analyse av innsamla data. Ein bieffekt av denne teknologiutviklinga er at ein samstundes vil kunne leggje til rette for auka produktivitet i havbruksnæringa.

Søknaden er sendt inn i samarbeid med leiande verksemder innan ulike delar av teknologiutviklinga.