Prishopp på kjøtt: – Men laks har blitt dyrare

Nyheter
0

Inflasjon for kjøtt og fisk.

Nortura aukar engrosprisane på storfe, lam og gris med mellom seks og åtte prosent i andre halvår. Det gir ein prisauke på mellom 13 og 17 prosent sidan andre halvår i fjor.
Prisauken er ifølgje Nortura truleg historisk høg. I kjøttbransjen er det førebels ikkje særleg stor bekymring for at den kraftige prisveksten skal føre til redusert sal.

– Generelt sett er vi alltid spente på om stor norsk prisvekst vil føre til endringar i etterspørselen. Det er noko usikkert. Nå får vi rundt 15 prosent prispåslag i løpet av eitt år. Så er det prognosar i jordbruksavtalen om 6,9 prosent vekst neste år. Då kan ein begynne å lure på om det vil påverke forbruksmønsteret i Norge, men laks har blitt endå mykje dyrare, seier Bjørn-Ole Juul-Hansen, administrerande direktør i Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund (KLF), til Nationen.

Siden årsskiftet har lakseprisen lagt på seg med 53 prosent, ifølge Akvafakta.

Juul-Hansen seier Nortura har rett i at det ikkje er ein direkte samanheng mellom engrospris og prisane i butikkane.

– Vi må vente at når alle kostnader stig, så må prisane stige vidare utover i ledda. Sånn er det berre. Ein må vente at kostnadene blir dytta vidare, seier Juul-Hansen til avisa.

Han er ikke bekymra for auka grensehandel.

– Førebels har prisane auka meir i utlandet enn i Norge. Når verda forhåpentlegvis blir meir normal igjen, så må vi alltid halde eit auge med grensehandelen, men ikkje per nå. Den dropen som har kome, beveger ikkje noko som helst, men det er grunn til bekymring viss kjøtt blir ei vare med større prisvekst enn på andre produkt og meir enn i utlandet, men det er for tidleg å seie at det blir slik, seier Juul-Hansen.

Juul-Hansen seier bøndene har behov for dei inntektene som prisauken vil gi, noko han seier i neste omgang er viktig også for slakteria.