Positiv samfunns- og distriktsutvikling, om regjeringa vil

Firda Seafood Group har fått regulert areal for 26 nye bustader på Byrknesøy. Dette er eit døme på den krafta som ligg i næringsutviklinga i ytre Gulen. Om me lukkast med å utvikle bedrifta, vil auka busetnad og utvikling av tenester vere heilt uunngåeleg. Men alt heng på at me får konstruktive rammevilkår for framtida. Bedrifter må kunne planlegge for eit 40 års perspektiv.

Heilt sidan me først kom til Gulen i 1994, har selskapet vore opptekne av å delta aktivt i samfunnsutviklinga. Med eit stadig aukande behov for arbeidskraft, må me legge til rette for eit lokalsamfunn som tilbyr dei tilboda og tenestene som folk forventar og ynskjer. Næringslivet og samfunnet rundt har i stor grad overlappande interesser. Alle ynskjer seg god infrastruktur, eit godt fritids- og kulturtilbod og ikkje minst tilgang på attraktive bustader.

Aktivitet byggjer samfunn
Gjennom åra har me bygd opp hotell og restaurant, musikkfestival, samarbeid med Festspillene i Bergen og kunstgalleri på Skjerjehamn. Me har pressa på, saman med mange andre, for å få på plass bruer og betre veg heilt ut til fabrikken vår på Kalvøyna.

Gjennom investeringsselskapet Steelhead Invest har me fått bidra til ny barnehage på Byrknesøy, då me såg at der var for dårleg barnehagedekning for våre tilsette og resten av lokalsamfunnet. Som ei forlenging av dette, har investeringsselskapet og fått godkjent planar om 26 nye husvære, i ulikt utforma fleirmannsbustader. Me har og lagt til rette for å etablere tenesteyting i same området, samt ei oppgradering for gåande, syklande og køyrande.

Bustadområde Byrknes

Planane spring ut frå det behovet me ser for nye bustader på Byrknesøy og i ytre Gulen. Til liks med andre bygder er prisane på omsette bustader her lågare enn i byane, men tilgangen er for liten. Det kostar det same å byggje hus i distrikta som i byn, men du får ikkje att pengane om du vil byte bustad. Dette hemmar nybygginga, og det blir vanskeleg for folk å etablere seg.

Me ser at ei offensiv bustadutvikling må skje i samspel med bedrifter og andre arbeidsplassar. Me er den største arbeidsgjevaren i denne delen av kommunen, og har eit ansvar for å skaffe bustad til våre tilsette. Me ynskjer at dei skal bu godt og vere ein del av lokalsamfunnet. Samstundes vil denne utbygginga vere avhengig av framtidsutsiktene for vår verksemd. Staten må ville at distrikta skal få utvikle seg.

Trygge jobbar skaper investeringar
Havbruksnæringa si kraft som samfunnsutviklar har ikkje nådd inn til sentrale strok. Nedtrekk i produksjonen og regelverk som ikkje heng med på utviklinga, hemmar næringa si evne til planlegging og investering. Der fiskeria ikkje blir pålagde grunnrenteskatt, fordi dei heilt rettmessig vert rekna som samfunnsberarar lokalt, har me blitt pålagde ein skatt som me i dag ikkje kjenner omfanget av.

Gulen, til liks med mange andre havbrukskommunar, har  enorme moglegheiter for åra som kjem. Me har alt i dag eit underskot på arbeidskraft, som må møtast med å skunde på utviklinga av kritisk infrastruktur. Men ein må og vere trygg på at arbeidsplassane består, slik at bedrifter kan investere, og folk vågar å etablere seg. Alle gode krefter må kjempe i lag om å få det beste ut av det potensialet som ligg føre oss.