Når ein høyrer på dei politiske kommentatorane, kan ein lett kome til å tru at politikk berre er eit pokerspel om veljarane sin gunst. At det heile er eit PR-kappløp mot neste meiningsmåling, og neste val. Men politikk endrar faktisk vilkåra for folk og bedrifter. Av og til fort, men ofte gradvis, og med verknad ei stund etter at media sitt søkjelys har gått vidare.
Vi seier ofte at havbruksnæringa si utvikling har skjedd på trass av reguleringar og politiske grep. Satsingsvilje i dårlege tider, marknads- og verdikjedeperspektiv framfor kortsiktig gevinst, og ein ustoppeleg energi for å bygge verksemd og aktivitet. Det er kortversjonen av Firda si historie, til liks med ei rekke andre oppdrettsselskap.
Noko uventa vil skje
Det er samstundes ikkje slik at alle som har måtte kaste korta i næringa har drive dårleg. FOS-konkurs, bankkrise og låge salsprisar har sett mange i knipa. Det er slik både i biologisk produksjon og i forretningslivet at du kan gjere alt rett, men likevel mislukkast. Krefter utanfor din kontroll kan slå deg til jorda.
Eitt slikt fenomen, kan vere ein verdsomspennande handelskrig. Eit kappløp av tollbarrierar som fører til at den lenge så velfungerande verdsmarknaden får motoriske problem. Dette får store konsekvensar for den globale «arbeidsdelinga», der kvart land produserer langt meir av nokre produkt enn dei kan gjere nytte av sjølve, og byter det mot andre varer som dei har for lite av.
Noreg produserer for mykje petroleum, aluminium og fisk. Fisken er nok mest sårbar, fordi det er enklare å velje kjøt til middag, enn å bestemme seg for å erstatte olje og aluminium med andre varer. Viss du i staden kan velje fisk frå eit anna land, med ein lågare tollbarriere, er valet endå enklare. Nettopp det forholdet gjer at norsk laks og aure står i sjakk i den amerikanske marknaden, i høve til det som for 15 år sidan var vår argaste konkurrent, Chile.
Norske fiskeeksportørar har lang fartstid i å omstille seg etter skiftande vindar. EU, Kina, Russland og USA har alle spelt oss ut over sidelinja gjennom historia. Mykje har vore proteksjonisme, noko har vore storpolitikk og noko berre maktbruk. Men fisken har uansett funne vegen ut til kundar som vill betale, ein eller annan stad. Situasjonen no er annleis. Om heile verdshandelen blir forpurra i ein lang periode, kan vi ende i ei skikkeleg knipe.
Fisken som vaks inn i himmelen
Dette skjer i etterkant av at mange politikarar, økonomar, journalistar og andre skriftlærde har kome fram til at norsk fiskeoppdrett vil kome til å oppleve ein såkalla «superprofitt» så langt som nokon kan tenkje seg inn i framtida. Takka vere Golfstraumen og ein lang, beskytta kyst, kan ikkje prisen på norsk laks kome under produksjonskostnaden, slik han ofte har gjort gjennom historia, men vil automatisk gje ein betydeleg margin til produsentane.
Dette må medføre ein grunnrenteskatt. Grunnrenteskatten er ein så fantastisk idé at mange beint fram har gløymt si uavhengige rolle, i kampen for å få han innført. «Det er ikkje synd i oppdrettarane, dei kan visst betale», seier professorar, redaktørar og mange andre som det er meir synd i. «Oppdrettarane har levd for lenge på samfunnets rekning». Overtydinga har vore slik at ein beint fram få assosiasjonar til ein annan, nesten like klok mann, som sa: «Den av dykk som er utan synd, skal kaste den første steinen».
Ein treng ikkje å vere synsk for å vere nøktern
Vel, det er framleis nokre dagar til påske, så la oss halde oss til det verdslege. Men profitten kan altså fordunste like brått og uventa som ein viss stein var flytta på den første påskemorgon. Skjønt uventa. I Firda sitt høyringssvar til skattekommisjonen sin rapport i 2020, finst det ein ganske omfattande og presis gjennomgang av den omskiftelege lønsemda i norsk lakseproduksjon. Her står mellom anna:
For Norge er det økonomisk pressede og politisk splittede Europa vår viktigste kunde. Men Europa vokser ikke. Og fiskespisingen blant yngre mennesker er mindre enn generasjonene før dem. Hverken laks eller andre fiskeslag har noen trygg fremtid i Europa. Brexit har satt situasjonen på spissen. I USA har Donald Trump startet en omfattende omkamp om opparbeidede handelsavtaler. Og det største av alle vekstmarkeder, Kina, flakker i sin tilnærming til verdenshandelen.
Noko gjekk betre enn frykta, anna vart verre. Det er vanskeleg å spå dei eksakte hendingane sitt løp, men det er lettare å fastslå at summen av risiko er høg. Som det òg står i høyringssvaret:
Er det en ting man ikke har lent seg på i laksenæringen, så er det forutsigbarhet. Det eneste man med trygghet har kunnet ta for gitt, er at perioder med gode priser vil bli avløst av perioder med dårlige priser. Selv om man kan hevde at lakseoppdrett begynner å bli en mer moden næring, er det altfor tidlig å fastslå at høye marginer vil være naturgitte, slik skatteutvalget slår fast, i ordets mest konkrete betydning.
Det er lov å lytte til erfaring
Desse provinsielle og alarmistiske utspela frå nokon det ikkje var synd i, vart som kjent ikkje berre overhøyrde, men beint fram gjort narr av. Tvert i mot har klokare folk påpeikt, mest på dagleg basis, at innføringa av grunnrenteskatt ikkje vil ha noko å seie for næringa si utvikling. At alle innvendingar var eit «hylekor» og grunnlaus klaging. Den tilnærminga har vore like forhasta som dei som dagen etter kunngjeringa av amerikanske tollsatsar, stod opp til ein dag i solveggen og sa at dei framleis ikkje hadde merka noko til den frykta krisa i verdsøkonomien.
Det er nemleg slik at politikk faktisk har konsekvensar. Det er ikkje berre eit gameshow, der gode replikkar eller keitete svar avgjer kven som er vinnarar og taparar. For dei eigentlege vinnarane og taparane i politikken, er ikkje politikarane og deira parti, men dei som møter avgjerdene deira i kvardagen. Dei som fekk ei bru eller tjue nye statlege arbeidsplassar, og dei som mista ei rettigheit, ein skule, ei båtrute eller ein del av konkurransekrafta si.
Viss vi erkjenner at politikk er makt, og at maktbruk får følgjer, så bør ordskiftet ikkje handle for mykje om spissformuleringar og konstruerte motsetnader, men gå meir inn i erfaringar og argumentasjon som finst tilgjengeleg, for dei som har vilje ril å lytte og lære. Argumentasjonen frå Firda mot grunnrenteskatt var basert på 35 år med erfaring med at pendelen har svinga tungt. Så tungt at det stundom har vore med nauda at ein har klart å halde seg fast. Då veit ein at både politikk og økonomi utløyser konsekvensar, i heile den verkelege verda. Og konsekvensane merkast ført hos dei som bære risikoen dagleg.