PE Bjørdal varslar restrukturering og redusert aktivitet etter kontraktstørke og feilslått satsing i Russland

Nyheter
0

PE Bjørdal reduserer aktivitet, vekstmål og antal tilsette.

Etter fleire år med store investeringar, vekst i omsetning og stor aktivitet både nasjonalt og internasjonalt, ser PE Bjørdal seg nøydd til å redusere aktiviteten i 2023, noko som vil påvirke både antal tilsette og forventa omsetning.

Det er samansette årsaker til dette.

I fleire år har PE Bjørdal satsa i den russiske marknaden innan fiskeri og akvakultur, og dette har gjeve selskapet gode og langsiktige kontraktar. Ved starten av 2022 hadde selskapet pågåande ei stor kontrakt for levering av identiske prosessanlegg til fem nye fiskefartøy. Etter krigsutbrotet i Ukraina i februar endra alt seg, og det vart innført suspensjon av kontraktar og stopp i produksjon og leveranse. Konsekvensen vart at omlag 30 prosent av ordrelagd omsetning i 2022 vart vekk – over natta, skriv selskapet i ei melding.

Sunnmørsbedriften, lokalisert i Hovdebygda ved Volda, omsatte for 186 millionar kroner i 2021.

Les også: Merker effekten av grunnrenteskatten: – Kontrakter i størrelsesorden 80 millioner kroner kommer ikke i år

Dreg ut i tid
Samstundes har selskapet opplevd at nye ordrar for 2023 og 2024 tek tid å få signert. Det er fleire grunnar til dette, auka konkurranse og prispress etter bortfall av kontraktar til den store russiske marknaden, stor geopolitisk usikkerheit på grunn av krigen i Europa, sterk auke i prisar på tenester og varer, generell kostnadsauke og usikkerheit nasjonalt rundt rammevilkår for næringslivet framover. Samla gir dette seg utslag i at prosjekt og kontraktar både innan fiskeri og akvakultur dreg ut i tid eller i verste fall blir kansellert.

PE Bjørdal står derfor ovanfor uventa utfordringar i ei periode der vi har vokse raskt i ein god og veksande marknad. I samråd med eigarar og styre har selskapet bestemt å konsolidere og restrukturere selskapet for å motverke utfordringane og søke å sikre og styrke dei gode kvalitetane i selskapet, bygd over mange år.

Bjørdal storfisk sorteringssystem. Illustrasjon: PE Bjørdal

Uroleg
Dette betyr at PE Bjørdal reduserer vekstplanane i ein uroleg marknad. Selskapet har framleis stor tru på marknadene i både fiskeri og oppdrett og at PE Bjørdal sine produkt og løysingar vil forsette å auke sin marknadsandeler framover.

For å nå den nødvendige kostnadsreduksjonen som fylgjer av redusert aktivitet, må ein ty til grep som vil ramme tilsette i dei fleste avdelingar, i klartekst ein reduksjon som råkar 20-25 stillingar. I tillegg vert det sett inn ein kraftig reduksjon av andre kostnader og stopp i investeringar.

Selskapet har vidare vedtatt ein strategi som inneber auka kontroll på verdikjeda for betre marginar på leveransane. Dette vil ein mellom anna oppnå ved meir effektiv  kontraktsgjennomføring frå sal til ferdig leveranse, og på den måten også halde på vårt omdømme som norsk kvalitetsleverandør av prosessløysingar – innan fiskeri og akvakultur.