PD-fisk rømte frå ventemerd i Instefjorden

Nyheter
1051

Hol i ei not har ført til rømt fisk frå ventemerdene til Slakteriet Brekke i Gulen.

Observasjon av oppdrettslaks i i Instefjorden mandag morgon, gjorde sitt til at Slakteriet Brekke i Gulen kommune foretok inspeksjon av sine ventemerder.

– Me oppdaga raskt eit hol på 200 cm i diameter, noko som gjore at me varsla Fiskeridirektoratet med det same, seier dagleg leiar i Slakteriet Brekke, Knut Strømsnes, i ei pressemelding.

Slakteriet sette i samråd med direktoratet i gang med gjenfangstgarn, i tillegg til å varsle fiskarar i området.

– Dette er svært beklageleg og skal ikkje skje. Me kjem til å gå igjennom alle rutiner for å finne ut korleis vi kan hindre at noko slikt skal skje i igjen.

Fisken i ventemerdene var i storleiken 3-5 kg. Den var vaksinert mot fiskesjukdomen pancreas disease (PD), men har likevel fått påvist viruset. Dette har derimot ikkje noko betydning for å bruke fisken til konsum.

– Me driv no intenst arbeid for å vite kor mykje dette dreier seg om og vi vil truleg vite tal onsdag, seier Strømsnes.

– Vi har sett ut garn og vi har avtale med lokale fiskarar som no aktivt fiskar i henhold til Fiskeridirektoratet sine retningslinjer. Det er viktig at andre som fiskar forheld seg til fredningsbestemmelsane som er for fiske i fjorden. Vi oppmodar folk som får fisk om å rapportere antal til Slakteriet Brekke. Dersom det er ynskje om at fisken skal destruerast, tek Slakteriet Brekke imot denne.