Dette markerer ei endring i leiinga då gründer Sven Jørgen Strømmen sidan etableringa har hatt rolla som både styreleiar og dagleg leiar.
Strømmen er godt nøgd med at Paul Jacob Helgesen no blir dagleg leiar.
– Han styrkar laget med sin kompetanse og eigenskapar, seier Sven Jørgen Strømmen i ei pressemelding. – Eg er opptatt av å samle riktig kompetanse i bedrifta. Nyleg fekk selskapet på plass eit styre med tre eksterne styremedlemmar. Med ny dagleg leiar er viktige brikker på plass saman med dei dyktige folka vi har i selskapet allereie.
Paul Jacob Helgesen kjem frå rådgjevingsselskapet Segel som er innleigd prosjektleiing i FoU-prosjektet FJORDTEK i Fjord Miljø. Sidan oppstart av Fjord Miljø, har Segel vore viktig for utviklinga av selskapet. Oppgåvene har vore knytt til prosjektleiing av innovasjonsprosjekt, koordinering og finansiering av FoU-aktivitetar.
– Vi i Segel er stolte over å ha bidrege til den positive utviklinga sidan oppstarten av selskapet, seier styreleiar i Segel, Synnøve Aabrekk. – Segel satsar sterkt vidare på den marine næringa og vil styrke bemanninga vår innan dette feltet, seier ho.
– I Segel har eg fått arbeide med spennande innovasjonsarbeid i ulike deler av sjømatnæringa dei siste ti åra. I Fjord Miljø ser eg fram til å kunne jobbe endå tettare på aktørane i havbruksnæringa i samarbeidet om å sikre og utvikle arbeidsplassar langs kysten gjennom å levere teknologi for betre fiskevelferd. Det er eit stort behov å legge om til meir førebygging på fisken sine premissar, seier Helgesen.
Selskapet opplever i år ein markant auke i etterspurnaden av spesielt Strømmenrør, Fjord Miljø sitt system for å skifte ut vatn i oppdrettsmerdar i sjø.
– Tilsetting av ny dagleg leiar er ein del av strategien i Fjord Miljø for forskingsarbeidet, produktutvikling og sal seier, styreleiar Rune Sætren. – Fjord Miljø skal arbeide målretta med å kunne levere dei beste produkta innan fiskevelferd.
– To viktige verdiar for meg er å samle og inspirere. Eg håper eg kan bidra til det både internt i Fjord Miljø, men også i partnarskap med kundar og samarbeidsaktørar, seier Paul Jacob Helgesen.